Hopp til innhold

Kan ikkje love tunnelpengar

Samferdsledepartementet vil ikkje svare på om dei løyver pengar til reparasjonane i Skatestraumtunnelen før sluttsummen er klar.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år

Skadene i Skatestraumtunnelen i Bremanger er omfattande.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Øydeleggingane i Skatestraumtunnelen i Bremanger er omfattande etter brannen onsdag 15. juli. Ein hengar med bensin eksploderte inne i tunnelen.

Ventar på rekninga

Reparasjonane av tunnelen vil ifølgje vegvesenet koste fleire titals millionar kroner. Rekninga hamnar hos fylkeskommunen som allereie er hardt pressa økonomisk.

Les også: Tunnelreparasjonane kan stogge andre vegprosjekt

– Først må vi få på det reine kva reparasjonane faktisk vil koste og kor mykje som vil bli dekka av forsikringa. Så må ein eventuelt sjå på om staten kan bidra med noko. Eg kan ikkje love noko no, seier John-Ragnar Aarset, statssekretær i Samferdsledepartementet.

– Sogn og Fjordane vil ha meir

Førre veke vart det klart at det vel gå eit halv år før Skatestraumtunnelen i Bremanger blir opna.

– Vi er opptekne av at tunnelen skal bli sett i stand så raskt som råd. Vi har hatt dialog med både fylkeskommune og vegvesenet etter ulukka for å sjå til at alt held ei god framdrift. Så langt har alle jobba på ein god måte, seier Aarset.

Han seier at økonomien ikkje er tema enno.

– Har de fått signal frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om at økonomien er vanskeleg?

– Sogn og Fjordane har fått ein stor del av potten til tunnelutbetring, Men trass i at vi har løyvd meir enn nivået til førre regjering, får vi beskjed om at Sogn og Fjordane skal ha meir, seier Aarset.