Hopp til innhold

Måløy-verksemd kan ha tapt 400 millionar

Norwegian Datasenter Group kan ha tapt så mykje som 400 millionar kroner på at samarbeidet med statseigde Entra fall saman.

Lefdal Gruve

STORT TAP: Norwegian Datasenter Group har tidlegare hevda overfor NRK at dei har tapt tresifra millionbeløp på at Entra trekte seg frå samarbeidet.

Foto: Vidar Furnes

Ifølgje nettavisa nett.no har to anerkjende selskap innan finansrådgjeving og næringseigedom sett på verdien av kontrakten som vart annullert då Entra braut samarbeidet med Norwegian Datasenter Group.

Selskapa bestemte seg i 2012 for å gå saman om datalagringssenteret på Austlandet. Satsinga skulle skje gjennom det felleseigde Greenfield, men samarbeidet stranda i januar i fjor.

Rådgjevarar meiner ifølgje nett.no at tapet er på minst 200 millionar kroner. Medrekna verdien av ein opsjon på ytterlegare to datalager i Akershus, meiner dei tapet kan komme opp i 400 millionar kroner.

Som NRK tidlegare har fortalt, hamnar saka no i rettssalen . Frå 6. januar 2014 skal det brukast tre veker i Oslo tingrett til saka.