Hopp til innhold

Kan gå mot nytt forlik i Terra-saka

Terra-kommunane og Terra Securities sitt forsikringsselskap, ACE, møtest til rettsmeklingsmøte i november. 160 millionar kroner står på spel.

Har viska vekk Terra-underskot

HÅPAR PÅ FORLIK: – Me ønskjer å setja sluttstrek for Terra-saka, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Foto: Montasje: Oddleif Løset/Scanpi / NRK

– Det nye er at partane er blitt samde om å møtast til rettsmekling 12. og 13. november i Oslo for å sjå om ein kan bli samde om forlik og stoppa saka før ho hamnar i lagmannsretten, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Erstatningssaka mot ACE, der Terra Securities hadde ansvarsforsikringa si, skulle etter planen koma opp for lagmannsretten i januar 2016. Tingrettsdommen i fjor gav delvis siger til Terra-kommunane. Dommen slo fast at kommunane hadde krav på 75 millionar kroner i erstatning, rentene inkludert, for dårleg rådgiving frå Terra. Men ACE anka saka.

– Positivt med forlik

Rettsmeklinga vil finna stad berre fem månader etter at Terra-kommunane i juni gjorde forlik med Den norske bank (DNB), som innebar at kommunane «berre» må betala 650 millionar kroner, halvparten av det opphavlege kravet.

For Vik og andre Terra-kommunar betydde det at eit langt gjeldsmareritt endeleg var over.

– I tillegg er det andre rettssaker på gang, så situasjonen kan bli endå betre, sa rådmann Oddbjørn Ese til dei kommunetilsette 5. juni.

Oddbjørn Ese

HISTORISK DAG: Rådmann Oddbjørn i Vik kunngjorde forliket med Den norske bank for dei kommunetilsette 5. juni.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ei av sakene Vik, Bremanger og dei andre Terra-kommunane har gåande, er altså oppgjeret med ACE. At partane skal møtast til meklingsmøte i november er positivt, seier rådmann i Bremanger, Tom Joensen:

– Viss me kunne koma ut av det på det same erstatningsnivået som i tingrettsdommen, så bør me kunne akseptera det, seier han.

Strid om forsikringar

ACE-striden står om forsikringar for to ulike år som med renter har ein verdi på om lag 160 millionar 2015-kroner. Tingrettsdommen sa at Terra-kommunane skulle få erstatning for den eine forsikringa, men ikkje den andre.

Det er difor lite truleg at Terra-kommunane får erstatta alle 160 millionar kronene. Men skulle det skje, kan Bremanger sitja att med godt over 20 millionar kroner og Vik litt meir enn halvparten av det.

– Me ønskjer å bli ferdig med denne saka, fordi ho tek enormt med tid og ressursar, seier Joensen.

Terra-myra

Bakgrunnen for den hengjemyra Terra-kommunane har vore i dei siste åtte åra, er at dei lånte store summar med garanti i framtidige kraftinntekter – for å investera i verdipapir med skyhøg risiko.

Dei håpa på stor forteneste, men gjekk på svimlande tap. Berre Vik åleine har til no tapt over 120 millionar kroner.

Lettelsen er stor i Vik, Bremanger og dei andre såkalla Terra-kommunane i dag, etter at dei har inngått forlik med DnB.

STOR LETTE TRASS STORE TAP: 5. juni fekk innbyggjarane i Vik og dei andre Terra-kommunane vita om forliket med Den norske bank.

I tillegg til forliket med Den norske bank og ei eventuell semje med ACE, kan Terra-kommunane redusera giganttapa sine ytterlegare etter at oppgjeret med eit anna av Terra sine forsikringsselskap – AIG – er ferdig.

– Her er det ein dialog mellom advokatane våre og AIG. Storleiken på den forsikringa er tilsvarande ACE-saka, seier Joensen.

Oppgjer tidlegast neste år

I konkursbuet etter Terra Securities er det ytterlegare 180 millionar kroner. Bustyrar Jon E. Skjørshammer har tidlegare i år sagt at han ikkje vil vurdera det endelege kravet frå Terra-kommunane før det ligg føre rettskraftige dommar i dei pågåande erstatningssakene.

Det endelege oppgjeret etter Terra-skandalen er difor ikkje klart før tidlegast neste år. Sjølv om dei åtte Terra-kommunane då maksimalt kan få tilbake over 400 millionar kroner til saman, åtvara rådmann Oddbjørn Ese i Vik før sommaren kommunepolitikarane om å ha for store forventningar:

– Å tru at kommunane skal få alt dette er ein illusjon. Dessutan skal me betala sakskostnader til dei som skal køyra sakene. Men sidan me allereie har dekka inn underskot, vil det som måtte koma, gå rett på botnlinja vår og vera fond.

I rettsmeklinga skal Hattfjelldal representera dei fire Terra-kommunane frå Nordland medan Haugesund skal representera Vik, Bremanger og Kvinesdal.