Hopp til innhold

Kan ende i høyring hjå kontrollutvalet

Kontrollutvalet veit ikkje kvifor fylkesutvalet ikkje fekk informasjon om Fjord1 sine planar om få til ein fusjon. Saka kan ende med høyring.

Fjord1 og Åshild Kjelsnes

INFORMERTE IKKJE VIDARE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes skal ha blitt informert om fusjonsplanane i november 2013.

Foto: /Guro Kvalnes / montasje

Det går fram av eit revisjonsnotat at fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rådmann Tore Eriksen vart orientert om fusjonsplanane til Fjord1 allereie den 1. november 2013, skriv Firda. Eit og eit halvt år før medlemmane av Fylkesutvalet vart overrumpla over at dei ikkje var orienterte om fusjonsplanane.

Arve Mjømen

VIL UNDERSØKJE: Leiar Arve Mjømen i kontrollutvalet seier det er alvorleg at om informasjonsflyten ikkje har vore skikkeleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er alvorleg om ikkje informasjonsflyten er skikkeleg, når det handlar om store selskap og store verdiar. No vurderer vi å halde høyring for å finne ut om den informasjonsplikta vart halden, og å få klarlagt kven som visste kva og når, seier leiar Arve Mjømen (H) i kontrollutvalet i fylkeskommunen til avisa.

Revisjonsnotat viser også at Fjord1 byrja å planlegge fusjonen i september 2013. To månader seinare orienterte styreleiar Reidar Sandal fylkesordføraren og rådmannen. Der stogga informasjonen.

Samstundes la fylkeskommunen planar om å selje sin eigarpost i reiarlaget.

Sandal informerte heller ikkje fylkesutvalet om fusjonsplanane då dei stilte på eit møte for å gje ein statusrapport om selskapet i desember 2014, skriv avisa.