Hopp til innhold

Fryktar kommunar skal investere over evne

Kommunane her til lands kan bli underlagt statleg kontroll framover. Regjeringa ønskjer i eit lovforslag at kommunane ikkje kan investere slik dei vil i påvente av kommunesamanslåingar.

E39 og Oddmund Klakegg

FRYKTAR FOR STATLEG KONTROLL: Jølster-ordførar Oddmund Klakegg seier det verkar som regjeringa vil innføre embetsverk igjen og ta statleg kontroll over økonomien i kommunane.

Foto: Statens vegvesen/Alf Vidar Snæland

Frykta er at små kommunar skal investere over evne fordi dei uansett blir del av ei storkommune. Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster er redd det blir vanskelegare å få gjort viktige utbyggingar.

– No verkar det som regjeringa vil innføre embetsverk igjen og ta statleg kontroll over økonomistyringa i kommunane, seier Klakegg.

Kommunar over heile landet kan bli slått saman innan dei tre neste åra, som ein del av kommunereforma. No fryktar regjeringa at lokalpolitikarane skal starte med nye dyre investeringar fordi rekninga uansett skal sendast til ei ny og større kommune i framtida.

Fryktar det blir vanskeleg framover

Ordfører Jardar Jensen i Evenes

NYTT LOVFORLAG: Statssekretær Jardar Jensen i Kommunaldepartementet seier regjeringa ønskjer at alle store og nye låneopptak skal godkjennast.

Foto: Bjørn Erik Rygg lunde / NRK

I eit lovframlegg vil regjeringa at kommunane derfor skal underleggast statleg kontroll gjennom at fylkesmennene skal godkjenne nye store låneopptak og langsiktige leigeavtaler, det seier statssekretær Jardar Jensen i Kommunaldepartementet.

– Det er om ein plutseleg finn ut at ein skal byggje eit badeland, så må rekninga delast på alle i den nye og større kommunen. Det er den typar saker vi ønskjer å unngå, seier Jensen.

I Jølster fryktar ordføraren at det skal bli vanskeleg å investere i åra som kjem.

– Skal vi bli stogga no, ser vi på det som eit overgrep. Det har i alle fall ikkje noko med demokrati-reform å gjere.

Kommunen har nytt omsorgssenter på trappene og vil bygge ny skule på Vassenden. Draumen er også å bygge fleirbrukshall, 20 minuttar frå regionsenteret Førde som kan bli senter i ei ny storkommune.

Skal vere høg terskel

Jardar Jensen seier dei ynskjer å ha ein viss kontroll, men at terskelen skal vere høg for å gripe inn.

– Det lovforslaget vi har ute på høyring, vil ikkje innebere omfattande inngrep i fridomen til kommunane. Det er berre om ein ser strategiske tilpassingar i forkant av kommune-reforma, at låneopptak eller langsiktige leigeavtalar ikkje blir godkjente av Fylkesmannen, seier Jensen.