Hopp til innhold

Politiet meiner å ha funne brannårsaka

FØRDE (NRK): Skadane etter brannen i Førdehuset er større enn det kultursjefen hadde trudd. Alt utanom teateret er no stengt.

Brann Førdehuset badstova

STORE SKADER: Omtrent heile badstova er svidd av i brannen.

Foto: Politiet

– Det er trasig. No synest eg det er verre enn eg hadde trudd i går. Det er litt synd å sjå at vi må stenge såpass mykje, men vi er glade for at ingen blei skadd, seier kultursjef Johan Bengtsson.

Johan Bengtsson, kultursjef Førdehuset

MÅTTE STENGE: Kultursjef Johan Bengtsson, synest det er trasig å måtte stenge nesten heile Førdehuset.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Førdehuset er i dag nærast heilt stengt. Store slangar er plassert ut for å lufte ut bygget. I tillegg er delar av bygget sperra av, for å unngå at røyken spreiar seg.

– Vi må stenge det aller meste, men vi har ein teaterpremiere som går som planlagt i kveld. Då brukar vi ein annan inngang, seier Bengtsson.

Store skader

Brannen oppstod i badstua i herregarderoben. Årsaka er framleis ukjend, og måndag føremiddag har Bengtsson enno ikkje vore inne sjølv og sett.

– Men brannvesen og andre som har vore inne, seier at det ikkje er mykje igjen der, seier kultursjefen.

Inntil vidare er heile Førdehuset stengt. Førebels får ingen andre enn brannvesen og politi gå inn i garderobeanlegget, då dei fryktar at det kan vere farlege gassar.

Også elles i bygget kjenner ein godt røyklukta, sjølv om mykje har blitt lufta ut.

Tekniske undersøkingar etter brann

HAR FUNNE ÅRSAKA: Politioverbetjent Jan Bjarte Skrøppa og Bjørn Berge i Førde brannvesen, gjorde tekniske undersøkingar i garderobeanlegget for å finne årsaka.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Har funne årsaka

Brann Førdehuset i badstove

TOTALSKADD: Badstova er heilt svart etter brannen. I garderobeanlegget elles er det framleis mykje røyk.

Foto: Politiet

Politi og brannvesen var måndag føremiddag inne i garderobeanlegget for å gjere sine tekniske undersøkingar.

– Etter undersøkinga har vi ei formeining om kva som har starta brannen, men vi ønskjer ikkje seie så mykje om det før vi har fått avhøyrt vitne, seier politibetjent og kriminalteknikar, Jan Bjarte Skrøppa.

Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko straffbart.

Politioverbetjent og kriminalteknikar Jan Bjarte Skrøppa

VEIT ÅRSAKA: Politioverbetjent og kriminalteknikar Jan Bjarte Skrøppa.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Skrøppa fortel at det er mykje røykskadar i garderoben og dusjanlegget, men at brannskadane er i badstova.

– Det er det mykje brannskade på vegger og tak.

Usikkert når dei kan opne

Kultursjefen fryktar langvarig stenging av fleire tilbod.

– Garderobane, og spesielt herregarderoben, vil vere stengt lenge. Først må politiet finne årsaka, så må det luftast og sanerast, og så byggast nytt, og det tek litt tid. Svømmehallen i seg sjølv er ikkje skadd, så det skulle vere mogleg å snart opne, viss ein kan finne alternative løysingar med garderobe, men det må vi sjå litt på.

Det er usikkert kor lang tid før dei igjen kan nytte inngangsområde. Fram til då er heile bygget stengt.

– Vi håpar å kunne ta i bruk både idrettshallen, storsalen og veslesalen, og biblioteket ganske snart.

Bengtsson fryktar også at dei må byte ut himlingen i gangen på grunn av røyken.

Brann Førdehuset

SPERRA AV: Biblioteket og storsalen er sperra av for å unngå spreiing av røyk.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK