Hopp til innhold

Kan bli kåra til Årets direktesending

NRK Sogn og Fjordane si ekstrasending om flaumen i Flåm er nominert til «Årets direktesending» under Prix Radio 2015.

Eldgrim Fossheim i studio

I STUDIO: Eldgrim Fossheim var blant reporterane som formidla dramaet under flaumen i Flåm. Han intervjua menneska som måtte søke tilflukt under ein hellar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hovudjuryen i Prix Radio har lagt fram lista over dei nominerte til 16 prisar.

NRK Sogn og Fjordane er nominert i kategorien «Årets direktesending». Her er alle dei nominerte i klassen:

  • P3aksjonen, NRK P3
  • Ekstrasending om flaum i Flåm, NRK P1 Sogn og Fjordane
  • VM direkte norsk gull, P4
  • Nitimen 50 år, NRK P1
  • Grunnlovens 200-års jubileum, Radio Norge

Storflaumen i oktober i fjor var ei dramatisk oppleving for mange i Aurland. På eit tidspunkt var nær 200 menneske evakuerte. Fem hus vart feid bort med vassmassane, og seks andre fekk store skadar.

NRK Sogn og Fjordane valde å bryte inn i P1-sendinga og formidle situasjonen til lyttarane.

DU KAN HØYRE UTDRAG FRÅ DEN NOMINERTE SENDINGA HER:

Eldgrim Fossheim intervjuar folk som har søkt tilflukt under ein hellar medan vatnet herjar bygda i Flåm.