– Det har gått utruleg bra. Vi hadde over 30 arrangement i alle dei 19 fylka i landet. Vi har fått god pressedekning, og mange nye medlemmar. Ein kjempesuksess, seier Spira Svendsen.
Ho er elev ved skulen og kampanjekoordinator for venneforeininga til skulen.
Sogn jord- og hagebruksskule vart skipa i 1917, og har mange gonger vore truga av nedlegging. Skulen overlevde grunna ei omlegging til undervisning i økologisk landbruk.
Treng mykje pengar
Det er kostnadsrekna at skulen i åra framover vil trenge opprusting for nær 80 millionar kroner. Eit så stort beløp kan bli vanskeleg å skaffe.
Men den siste månaden har håpet igjen auka. Fylkeskommunen vil truleg løyve 20 millionar, og Aurland kommune har sett av fem millionar kroner. I statsbudsjettet er det også føreslått å løyve fem millionar kroner til skulen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Den nyoppstarta venneforeininga jobbar også på spreng for å sikre meir pengar til skulen.
– Vi fekk inn over 100.000 kroner på aksjonen i helga, og er nøgde med det. Folket har vore svært positive. Nye medlemmar og ringverknadar som er umoglege å måle i pengar er viktige med ei slik helg, seier Spira Svendsen.
- LES OGSÅ: – Tanken om nedlegging er heilt død
Ser mot større givarar
Målet til foreininga er 12 millionar, og det er ein veg å gå før det målet er nådd. Men nye innsamlingar er allereie i gong.
– Akkurat no held vi på med ein julekalender med 24 unike teikningar med tema frå undervisninga. Luke nummer ein går for 1000 kroner, luke nummer to for 2000, og så vidare. Vi har selt elleve luker så langt, og dersom vi får selt alle lukene er det 300.000 kroner på konto, seier Svendsen.
Jobben så langt har gått på å gjere kampanjen kjent og populær, for å nå ut til folk. Svendsen meiner dei har lukkast.
– No er økoskulen snart den mest kjende skulen i Norge. Særleg etter dagen på laurdag. No ser vi føre oss at kampanjen går inn i ein fase der vi vil jobbe meir målretta mot større givarar, seier kampanjekoordinatoren.