Hopp til innhold

Justerer måla – satsar for fullt på VM

Tarjei Bø innser at han likevel ikkje kan kjempe i toppen i verdscupsamandraget denne sesongen. No børstar han støvet av gullopplegget frå 2013.

Tarjei Bø

SATSAR MOT VM: Tarjei Bø når ikkje heilt opp i verdscupen, og har difor bestemt seg for å satse hardare inn mot VM.

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

– Sesongen har ikkje vore som forventa. Då må eg berre ta dei grepa eg meiner er rett. No ser eg meir mot VM og satsar på å spisse forma veldig til det, seier Tarjei Bø til NRK.no.

Gjennom sommaren og hausten kjende stryningen seg så sterk og stabil, at han sette seg som mål å vere med og kjempe i toppen av verdscupsamandraget denne vinteren.

Men etter ein sjukdomsperiode innser Bø at han ikkje når opp denne gongen. No endrar han målsetjinga for sesongen.

– Det gjeld å vere litt kynisk og leggje til rette for å oppnå suksess i Finland i staden, seier han.

Satsar på ein endå betre formtopp enn dei andre

På verdscupsprinten i Anterselva enda Bø på 46. plass etter to strafferundar og 52. beste langrennstid – svært uvant kost frå den kanten. Men så hadde han heller ikkje konkurrert sidan før jul på grunn av sjukdom.

Så fekk han ein etterlengta opptur med siger på herrestafetten. No er 26-åringen offensiv med tanke på det som skal skje vidare i sesongen.

Oppskrifta er den same som i sesongen 2013, då han også var plaga med sjukdom – men enda opp med å ta VM-gull på fellesstarten.

– Den gongen såg det svart ut på hausten. No set eg meg eit mål som er endå meir spissa enn dei som kjempar i verdscupen, og då håpar eg å leggje inn ein endå betre formtopp enn dei, forklarer Bø.

– VM-medalje vil vel vere eit heilt greitt plaster på såret?

– Ja, eigentleg er jo VM det største. Ein er alltid glad for å få medaljar rundt halsen.

Veit det er mange som har meiningar, men....

Fram mot meisterskapen skal Bø finne forma som skal gi VM-jubel i Kontiolahti i første halvdel av mars. På programmet står eit par konkurransehelgar i verdscupen og ein treningsperiode på to veker inn mot sjølve VM.

– På mitt beste er eg blant dei som kan kjempe om gull, sjølv om det per no er ganske mange som er betre enn det eg er. Men det har jo sett mørkt ut før, og eg har klart å kline til og få med meg gullet likevel. Eg trur eg har noko i meg som gjer at eg kan klare det igjen, seier han.

Han held fram:

– Det handlar om å få litt flyt inn mot VM. Det er eigentleg ganske enkelt, men eg må ha is i magen. Det er mange som har meiningar, men for meg gjeld det å følgje oppskrifta mi. Det funkar fint, seier Bø.