Hopp til innhold

Nye varmerekordar over heile fylket

Julitemperaturane slår alle rekordar. – No ser vi berre tilbake til kring 1957, men eg vil tru at det er rekord lengre tilbake enn det mange plassar. Så det er veldig uvanleg dette her, seier meteorolog Arnstein Tjøstheim.

Varmerekordar over heile fylket

VARMT OG GODT: Juli har hatt mange dagar med høge temperaturar. Når det er mellom 'Klegghete' og 'Ikkje plattande', er det varmare enn det plar å vere...

Foto: Rune Joar Ravnestad/Instagram, #nrksf / Montasje

Både rekordane for middeltemperaturar og tal dagar over 25 og 28 grader ser ut til å bli slått ved dei fleste målestasjonane.

– Det ser ut som at veldig mange plassar, kanskje dei fleste, vil få ny julirekord. Heilt ute ved kysten har det kanskje vore litt høgare enkelte år tidlegare, men dei fleste plassar lengre inne vil mest sannsynleg få nye temperaturrekordar, seier Tjøstheim.

Rekordane står for fall

Ved desse målestasjonane har rekordane for dagar med temperaturar over 25 og 28 grader allereie blitt slått:

  • Vangsnes i Vik
  • Lærdalsøyri
  • Furuneset i Høyanger
  • Førde lufthamn
  • Ytterøyane fyr i Flora
  • Svelgen i Bremanger
  • Sandane i Gloppen
  • Kroken i Stryn
  • Kråkenes i Vågsøy

Til dømes har det i Lærdal til no i juli vore heile fjorten dagar med temperaturar over 25 grader og ti dagar over 28 grader. Den førre rekorden var på høvesvis ti og fem dagar i 2008 og 2009.

Værstasjonen på Takle i Gloppen har målingar heilt tilbake til 1956. Rekordane der var ni dagar med temperaturar over 25 grader i 2008 og to dagar over 28 grader i 1958. Begge desse rekordane har dei allereie tangert.

Og enno er det ei veke igjen av månaden.

– Det blir i alle fall varmt både laurdag og søndag, så det vil berre vil forsterke desse rekordane. Så vil nok temperaturane gå litt ned, seier Tjøstheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Iskrem

VARMEREKORD: Statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim seier dei fleste målestasjonane i fylket ventar nye temperaturrekordar for juli.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Ventar varmare somrar

Han seier det gode vêret skuldast eit lågtrykk over England og eit høgtrykk lenger nord. Det har skapt søraustlege og austlege vindar, som har brakt varm luft opp til oss.

– I tillegg har det vore lite nedbør og mykje sol. Akkurat heilt ute ved kysten har vi fått litt pålandsvind frå nordvest, noko som har gjort at temperaturane har blitt litt lågare akkurat der, men elles har det blitt veldig varmt, seier Tjøstheim.

Korleis klimaendringane har slått ut, seier han er vanskeleg å seie noko om.

– Men generelt ventar vi høgare temperaturar, så vi vil jo tru at det vil bli varmare somrar framover. Likevel vil det vere variasjonar frå år til år, slik at for eksempel neste år så kan lett bli litt lågare temperaturar, seier Tjøstheim.

Det er framleis stor skogbrannfare i Sogn og Fjordane sjølv om det har vore lokale regnbyer nokre stader fredag. Alarmsentralen ber folk vere forsiktige med open eld i skog og mark.

Sol over Eggenipa

GUNSTIGE VINDAR: Det gode vêret skuldast eit lågtrykk over England, kombinert med eit høgtrykk lenger nord. Det har skap gunstig vind med varm luft frå sør.

Foto: Oddleif Løset / NRK