Hopp til innhold

Jublar over å vere på scena att med MGP jr.-gjengen

Aksel Hauge Vedvik held i kveld to julekonsertar i Førdehuset saman med resten av gjengen frå MGP jr. Det gler han seg stort til.

Aksel Hauge Vedvik ser fram til å stå på scena att

MORO: Aksel Hauge Vedvik har brukt tida etter MGP jr. godt og skrive nye låtar.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det er utruleg kjekt å vere i lag att. Eg har sakna dei veldig mykje. Det har vore litt trist å måtte reise frå dei. Så det er veldig stas å få treffe dei att, seier Vedvik, som saman med resten av deltakarane er med på MGP jr. sin juleturné.

Å stå på scena framfor eit stort publikum, gruar han seg ikkje noko for.

– Det blir berre kjempebra. Det blir så kjekt, og eg håpar publikum er ville. Eg håpar dei jublar og ler, smiler og syng, seier Vedvik.

Har laga ny musikk

I salen kjem det også til å vere kjentfolk.

– Mamma, pappa og litt venner kjem. Så det blir kjekt, seier Vedvik.

Vedvik var tidlegare i år med på MGP jr. med songen sin «Ingenting å tape», der han kom heilt til superfinalen.

Han legg ikkje skjul på at tida etterpå har vore artig.

– Det har vore kjempekult. Eg har skrive musikk og eg har laga ein ny låt. Og så har eg gått på skule, så klart, seier Vedvik.

– Når eg skal ut, så blir eg ofte stoppa av småjenter som vil ha autograf. Det er jo litt stas, så eg kosar meg mykje, seier Vedvik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

KLAR: Artistane varma opp før konserten. Foto: Elias Engevik

Har fått ein del fanpost

At folk kjenner han att på gata, går stort sett greitt.

– Det er berre kjempekjekt. Men det kan jo av og til bli litt slitsamt, seier Vedvik.

Nokre brev frå fansen har det også komme i postkassen.

– Eg har fått nokre brev, ja. Det er berre morosamt og gøy, seier Vedvik.

Men aller kjekkast tykkjer han det er å lage ny musikk, og han har ikkje lege på latsida sidan han var å sjå på TV.

– Eg har laga ein song som heiter «Clouds». Den kjem vel ut etter kvart. Den ligg på SoundCloud no, seier Vedvik.

Har vorte endå meir glad i musikk

Sjølv om det har vore mykje ståhei etter at han var med i MGP jr. trur han ikkje han har vorte forandra som person.

– Nei, det har eg ikkje. Men eg har vorte endå meir glad i musikk, seier Vedvik.

Men han karakteriserer hausten 2014 som spesiell.

– Det har vore ein kul haust. Den kjekkaste hausten eg har hatt, seier Vedvik.

Gler seg veldig

Maika og Metha Jørgensen er to av mange som ventar spent på første konsert.

– Vi gler oss veldig, seier Maika Jørgensen.

– Jupp, supermasse. Eg tykkjer Mathea Mari er best, seier Metha Jørgensen, som gler seg stort.

Begge jentene har følgt med på MGP jr på TV.

– Ja, det har eg. Men eg har ingen favoritt. Eg tykkjer alle er kjempeflinke, seier Maika.

Litt ekstra stas er det at Aksel Hauge Vedvik kjem frå Sogn og Fjordane.

– Eg tykkjer han er veldig flink, seier Maika.