Hopp til innhold

Jordskjelv på 3,7 i Bremanger - merka i store område

Det har vore eit jordskjelv med styrke 3,7 i havet utanfor Bremangerlandet fredag morgon. Skjelvet er merka av menneske både i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Jordskjelv utanfor Bremanger

JORDSKJELV I HAVET: Det er registrert eit jordskjelv med styrke 3,7 i havet vel 80 kilometer vest for Bremanger.

Foto: Norsk nasjonalt seismisk nettverk

Jordskjelvinstituttet NORSAR og Jordskjelvstasjonen ved UiB i Bergen stadfestar begge at det har vore eit jordskjelv i havet utanfor Sogn og Fjordane fredag morgon.

Skjelvet vart registrert klokka 08.20.

Professor Kuvvet Atakan i seismologi ved Universitetet i Bergen seier det er snakk om eit offshoreskjelv. Senteret ligg vest for Bremanger, og har hatt ein styrke på 3,7.

Han skildrar det som eit mindre skjelv.

– Det er registrert på nesten alle jordskjelvmålarane i landet. Folk vil merke det som eit tog eller vogntog som køyrer forbi. Det er ei sterk risting, men det gjer ingen skade, seier Atakan.

Ein merka jordskjelvet godt i Bremanger. PC-skjermen og golvet rista bra, og det var kraftig buldring ute. Det kraftigaste eg har opplevd.

Judith på SMS til NRK

Kjent jordskjelvområde

Jordskjelvinstituttet NORSAR og Jordskjelvstasjonen i Bergen samarbeider i arbeidet med å analysere skjelvet. Atakan seier deira opplysningar tyder på at senteret ligg 80 kilometer vest av Bremangerlandet, medan NORSAR meiner det ligg 30 kilometer ute i havet.

Seniorseismolog Conrad Lindholm i NORSAR seier området er kjent for jordskjelvaktivitet.

– Heile området, nordvest av Hordaland, med konsentrasjon ved munningen av Sognefjorden og vidare offshore, er kjent som eit veldig aktivt område, seier han.

– Her er det regelmessige skjelv, og rett som det er større skjelv enn det vi hadde i dag.

NRK får inn stadig fleire meldingar frå folk som har merka skjelvet, frå Bremanger og Måløy, men også lenger inne i fylket i både Fjærland, Førde og Balestrand. I Hordaland er skjelvet merka i heile Nordhordland og deler av bergensområdet.

Her i Austgulen merka vi det også, tømmerhuset mitt ristet og vinduene klirra. Ja, det var skummelt

Rigmor på Facebook

– Det klirra noko veldig

Judith Ekerhovd i Bremanger er mellom dei som skvatt til like før klokka 8.30. Ho var då på jobb på Hauge.

– Eg sat ved datamaskina då den plutseleg byrja dirra. Pulten rista og det buldra noko veldig, seier ho.

Ekerhovd har kjent jordskjelv utanfor Bremanger tidlegare, men dette var verre.

– Dette er det sterkaste eg har kjent. Det var litt ubehageleg.

Også Jensine Grytås på Sande merka skjelvet.

– Det var veldig rart. Eg sat på kjøkenet og drakk kaffi og høyrde på radio. Så begynte det å klirre noko veldig i glasskåpet mitt. Eg hadde eit glas ståande på kjøkenbenken, og det datt faktisk ned i vasken.

Sist det var registrert jordskjelv i Sogn og Fjordane var 1. februar i år, då det vart registrert eit skjelv med styrke 2,6 ca. 17 kilometer sørvest for Måløy.

Atakan seier ein har skjelv som blir merka av menneske mellom 10 og 12 gonger i løpet av året.