Hopp til innhold

Jordras sperrar fylkesveg

Vegtrafikksentralen fekk klokka 05.30 fått melding om eit jordras på fylkesveg 616 i Bremanger. Raset skal ha gått ved Endal på strekninga mellom Isane og Rugsund. Raset skal vere 30–40 meter breitt og vel to meter høgt. Det er ikkje meldingar om at folk eller bilar skal vere tekne.