Hopp til innhold

Jord og tre sperrar fylkesveg

Eit større jordras sperrar tysdag morgon fylkesveg 616 ved Endal i Bremanger.

Jordras sperrar fylkesveg 616 i Bremanger

STENGD: Vegen er heilt sperra etter at jord, steinar og tre har lagt seg over fylkesveg 616 ved Endal i Bremanger.

Foto: Henrik Aardalsbakke

Entrepenøren er på plass ved raset på fylkesveg 616 i Bremanger

PÅ PLASS: Entreprenøren er på plass.

Foto: Henrik Aardalsbakke

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset klokka 05.30 tysdag morgon.

Jan Marøy ved Vegtrafikksentralen i Bergen seier dei første meldingane dei fekk gjekk på at raset var 30-40 meter breitt og var vel to meter høgt.

Etter at entrepenøren har fått sett nærare på raset viser det seg at det berre er vel 15 meter breitt, og at det skal ha losna vel 40 meter oppe i fjellsida.

– Tre, jord og steinar

Raset skal ha gått i området mellom Endal og Otteren, på strekninga mellom Isane og Rugsund.

– Det ligg mykje tre i vegen, jord og litt steinar. Du ser i skogen over at det er eit belte av tre som er vekke, seier ein bilist på staden. Han meiner raset ikkje kan vere meir enn 20 meter breitt.

Det er ikkje meldingar om at folk eller bilar skal vere tekne.

– Det er ikkje ting som tilseier at nokon skal vere tekne, får NRK stadfesta hos politiet sin operasjonssentral som også har fått meldinga om raset. Dei sender ikkje folk til rasstaden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasløpet etter jordraset på fylkesveg 616 i Bremanger

LOSNA: Store nedbørsmengder gjer at jord og tre har losna over vegen.

Foto: Henrik Aardalsbakke

Ryddar tidlegast vegen når det lysnar

Entreprenøren er send til området. Ifølgje Marøy på Vegtrafikksentralen kan det fort gå fleire timar før vegen opnar att.

Klokka 07.20 får NRK opplyst at entreprenøren har kome til plassen. Det vil tidlegast blir starta med rydding når det lysnar.

– Først vil ein vurdere området på oppsida av vegen, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen til NRK.no.

Ifølgje Vegvesenet er anbefalt omkøyring via fylkesveg 573 og fylkesveg 614.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras med jord, steinar og tre sperrar fylkesveg 616 i Bremanger

STORE TRE: Fleire tre har blitt vaska ned i vegbana på fylkesvegen. Det har også store jordmassar og steinar.

Foto: Henrik Aardalsbakke

Ber folk vere på vakt

I går tidleg var to vegar i Sogn og Fjordane sperra av jordras, og dei vart opna att etter at det lysna.

NVE gjekk måndag ut og bad folk vere på vakt for ras, det er venta store mengder nedbør fram mot tysdag kveld og folk bør vere på vakt.

Jordras ved Endal på fylkesveg 616 i Bremanger

STENGD: Fylkesveg 616 er stengd ved Endal i Bremanger etter eit større jordras.

Foto: Google Maps