Hopp til innhold

Jeger har gått seg fast i Stryn

Ein jeger har gått seg skorfast over Erdalen i Stryn. Røde Kors er på staden og er i ferd med å hjelpe mannen ned att.

erdalen

Klokka 21: Mannen er nede og i god behald.

Klokka 19.00: Politiet opplyser at fjellredningsgruppa har kontakt med mannen og er i ferd med å fire han ned.

Det var i 17-tida at politiet fekk melding om at ein jeger hadde gått seg skorfast 600 - 700 meter over Erdalen i Stryn. Eid Røde Kors Hjelpekorps rykte ut for å hjelpe mannen ned att.

Klokka 17.20 har hjelpekorpset kome fram til mannen som står fast, fortel politiet.

– Det er relativt bratt i terrenget, og han kjem seg verken opp eller ned. Fjellredningsgruppa legg no ein plan for korleis dei skal ta seg opp til mannen. Eg vil tru dei har med seg klatreutstyr og truleg vil dei nok bruke detet, men det veit eg ikkje sikkert, seier opearasjonsleiar Kai Myklebust.

Det skal stå bra til med jegeren, ifølgje Myklebust. Mannen hadde med seg ein kamerat som stod like nedanfor då han gjekk seg fast.