Hopp til innhold

Jays kjem tilbake - trass arrangørrot

Det er berre eitt år sidan rekordløpet hans vart underkjent i Florø. Likevel blir kystbyen ein av få arrangørstadar i Norge som får Jaysuma Saidy Ndure på besøk i år.

Olav Magne Tveitå og Jaysuma Saidy Ndure

TILBAKE: Jaysuma Saidy Ndure kjem tilbake for å springe 100-meter i Florø i starten av juni. Her er han saman med trenar Olav Magne Tveitå.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Det var ei lei ripe i lakken. Og heilt uforståeleg. Men no har vi har lova «Jays» at vi skal ha orden på det. Vi syslar med tanken på å ha skikkeleg vakthald rundt vindmålaren, slik at vi skal unngå ein liknande episode, seier Rune Osa.

Han er stemneleiar for Florø friidrettsfestival, og er nøgd med å ha fått på plass norsk friidretts største stjerne til stemnet i starten av juni.

Skal ha stell på vindmålaren etter fjorårsblemme

Det er snart eitt år sidan «Jays» trudde at han hadde sett ny norsk rekord, då han sprang inn til tida 9,95 på 100-meteren i Florø. Det var på det tidspunktet årets femte raskaste løp i verda.

Men: Dagen etter kom kontrabeskjeden. Ndures rekord vart underkjent fordi vindmålaren stod skeivt. Ingen har i ettertid kunne forklare korleis dette kunne skje.

– Eg vart heilt sjokkert då eg fekk høyre at rekorden vart sletta. Men eg sa berre til trenaren at «okei, sånt kan vel skje. Vi må berre gå ut og gjere det igjen», sa Ndure til NRK.no.

Sjå det underkjente rekordløpet her:

Jaysuma Saidy Ndure satte ny norsk rekord på 100m i Florø med tiden 9,95.

– Vi gjekk gjennom videoopptak utan å finne ut noko som helst. Vi jobba heile søndagen etterpå med å rekonstruere episoden, men utan å finne ut av det.

– Kva har de sagt til han no?

– Vi har sagt at vi skal ha orden på vindmålaren. Og at vi skal gjere tiltak som skal sikre at alt er på stell, seier Osa.

Stortalent skal prøve seg på norgesrekord

Friidrettsfestivalen blir arrangert i starten av juni, og dei første brikkene er no i ferd med å falle på plass. I tillegg til Ndure, er det også klart at Ezinne Okparaebo prioriterer å springe i Florø. Begge to vrakar opningsstemnet på Hamar – men kjem til kystbyen.

– Det ei stjerne i margen for oss. Det er ikkje så mange arrangørar i Norge som får dei til sine stemne, seier Osa og siktar til at Bislett og NM er dei andre aktuelle stemna.

Stemnesjef rune Osa

Rune Osa

Foto: Erik Hildal / NRK

– Kva er grunnen til at de klarer å få dei til Florø?

– Vi har stort sett gode forhold, og er nøye med å leggje godt til rette for dei. Og det får vi kreditt for, seier Osa.

Jobbar med fleire toppnamn

Friidrettsfestivalen jobbar no med å få fleire utøvarar på plass. Mellom anna satsar stortalentet Karsten Warholm på å setje ny norsk rekord på 400-meter.

Øyvind Strømmen Kjerpeset er også klar for heimbyen. Det blir dessutan bygd opp ein diskoskonkurranse rundt fjorårets bronsemedaljør i junior-VM, Svein Martin Skadestad.