Hopp til innhold

Jaktar nye drivarar til Hotel Mundal - vertskap blir løyst frå kontrakten

Eigarane av Hotel Mundal er på jakt etter nokon nye til å drive det tradisjonsrike hotellet i Fjærland. Idar Kvam og Claire Giroux får ikkje halde fram.

Hotel Mundal finn.no

MÅ HA NYE: Via annonsenettstaden finn.no, leitar no Ola Moe etter nye folk til Hotel Mundal.

Sagaen om trehotellet i enden av Fjærlandsfjorden ser ikkje ut til å ha nokon ende. Investor Ola Moe kjøpte det kriseråka hotellet frå Rolf Wikborg for snart eitt år sidan. Då hadde Wikborg prøvd å drive Mundal og fleire andre hotell sidan 2008, utan å lukkast.

Etter kort tid presenterte han sogndølen Idar Kvam og Claire Giroux frå Canada som dei nye hotellvertane. Men no i romjula la Moe ut ei annonse på finn.no der han søkjer etter nye drivarar av hotellet.

Får ikkje halde fram

– Vidare drift av hotellet med eksisterande drivarar vil ikkje bli vidareført utan eg ønskjer å gå nærare inn på årsakene til det i media. Vi takkar Idar og Carrie for innsatsen i oppstartsåret. Kjøkendrifta med Espen Gryt har vore vellukka og vil bli vidareført, seier Moe til NRK.

Noko meir om årsaka til at dei avsluttar kontrakten med Kvam og Giroux vil ikkje Moe gå inn på, men han slår fast at det første driftsåret har vore bra.

– Vi er godt nøgde med 2015 og med at bookinga ved Hotel Mundal har gått over all forventning. Justert for ekstraordinære oppstartskostnader, gjekk drifta i pluss. Det har vore gode tilbakemeldingar frå gjester på service, mat og hotell, seier Moe.

Moe har fått eit stort fokus på seg tidlegare i haust gjennom drift av ulike asylmottak rundt om i landet. Til VG seier han at han vil ut av «asylindustrien».

– Bra booking for 2016

Gjennom verksemda Pure Hotels og Roomexpress AS eig han hotell fleire stader i landet, og slår fast at satsinga på ærverdige Hotel Mundal vil halde fram.

– Booking og interesse for 2016 ser særs bra ut. Vi jobbar også med oppussing av rom som vil gje ytterlegare interesse for staden, seier Moe.

Satsinga hans i Sogn, held også fram med eigarskap i Nigardsbreen Gjesteheim og Tørvis Hotel.

NRK har gjort fleire forsøk på få ein kommentar frå Idar Kvam, men vi har førebels ikkje lukkast med det.

Ektepar gjer til klar til nyopning av Hotel Mundal i Fjærland

MÅTTE UT: Idar Kvam og Claire Giroux om det å overta drifta av tradisjonsrike Hotel Mundal i Fjærland på Vestlandsrevyen i mai i år. Dei får ikkje halde fram ved hotellet.