Hopp til innhold

No jaktar NRK nye fjes til "Klart eg kan"

Sesong 3 med Klart eg kan starta på TV i dag. No jaktar NRK Sogn og Fjordane fleire born som torer å ta utfordringar syne at dei kan.

"Klart eg kan" Operahuset

TRENG FLEIRE: Desse tre er med i sesong 3 av 'Klart eg kan', og vert intervjua av Karoline Eikenæs Berge i NRK. Blir du med i neste sesong?

Foto: Arne Stubhaug / NRK

NRK Sogn og Fjordane produserer serien «Klart eg kan» som er å sjå på NRK Super både på barne-TV og elles. Og sjølv om ein flunkande ny sesong har rulla i gang, skal fleire sesongar produserast i tida framover.

Men for at vi skal klare det, så er vi avhengige av å få høyre om born som har ei spesiell historie, som gjer noko spesielt, eller kan noko spesielt.

Er alt i gang med å planleggje ny sesong

– Det blir ein sesong 4. Først skal vi sende sesong 3, som startar i kveld, og som er å sjå på nett-TV når du vil. I januar kjem det også nye episodar. Men samtidig som dei går på lufta, så byrjar vi å tenkje på sesong 4 som skal sendast i 2014, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik.

Serien heiter «Klart eg kan», og det er nettopp ungar som kan, vi er på jakt etter.

– Vi leitar etter ungar som skal utfordre seg sjølve, prøve noko nytt for første gong, eller har noko som dei tykkjer verkar litt utfordrande eller vanskeleg. Det kan vere alt frå kvardagslege ting, som å få briller eller tannregulering, til meir hendingar som konkurransar eller noko dei skal prøve for aller første gong, seier regiansvarleg Karoline Eikenæs Berge.

Men verdsmeister treng du slett ikkje vere.

– Nei, absolutt ikkje. Det handlar vel så mykje om den indre utviklinga, og det å få utfordra seg sjølv. Born kjenner på mange fryktar som også vaksne kan kjenne seg att i, seier Berge.

(Artikkelen held fram under videoen)

Øystein Mostad er med i barne TV serien Klart eg kan på NRK Super.

SKAL FLYTTE: Øystein Mostad er ein av ungane som er med i sesong 3. Foto: Ole André Rekkedal

Mellom fire og åtte år

Ho fortel at dei har møtt mange modige små personar i løpet av sesongane som har gått.

– For det første er det utfordrande å vere på opptak og treffe oss, så vi er svært imponerte over dei borna vi møter. Det er ekte kjensler, seier Berge.

Borna bør vere i alderen fire-fem til åtte år.

– Dei må kunne snakke og fortelje litt om kva som rører seg inni hovudet deira når ting skjer. Småbarn heiter det i NRK Super sitt univers, seier Lavik.

Så viss du veit om nokon som ville passe midt i blinken i TV-ruta, og som har ei historie å fortelje, så kontaktar du NRK.

Det kan du gjere på fleire måtar:

Ring 57 72 42 42 og spør etter Kjellrun, Eva eller Karoline.

Eller send ein e-post til sf@nrk.no og merk denne "Klart eg kan".

- E-post er ofte det beste, og legg gjerne ved bilete av ungen, og fortel kva historia går ut på, seier Lavik.