Hopp til innhold

«Viktig at han snakkar med dei hardast råka»

Lærdal kommune inviterer kommunalminister Jan Tore Sanner på besøk til bygda som vart herja av storbrann i januar. Målet er å få statsråden til å grave djupare i staten sine lommar etter pengar.

Branntomt og ordførar i Lærdal

VIL HA BESØK: – Det er viktig at kommunalministeren får sjå plassen og omfanget, og snakke med dei som er hardast råka, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim om kvifor dei inviterer Jan Tore Sanner på besøk.

Foto: montasje / NRK

– Det er riktig å invitere han hit, og det er viktig at han får sjå plassen, sjå omfanget og snakke med dei som er hardast råka, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Kommunen har i første omgang bedt om 28 millionar kroner til opprydding, infrastruktur og leiing, etter storbrannen. Sist veke kom tilsegna frå departementet, men det var berre på ni millionar kroner.

Både statsministeren, Klima- og Miljøministeren og Riksantikvaren har vore på besøk i kommunen som vart hardt råka etter storbrannen i januar, men ordføraren meiner at det er på sin plass at Kommunalministeren også kjem.

– Vi har hatt besøk av mange, men det er hans departement som har behandla søknaden og vi følar at vi ikkje er blitt høyrde, seier Solheim.

Om lag 70 personar vart huslause då 40 bygningar, av dei 17 bustadhus brann ned til grunnen natt til 19. januar.

– Må følgje pengar med

Den meldinga vart motteke med stor vonbrot i kommunen. Spesielt fordi mange av dei leiande politikarane som allereie har besøkt kommunen har gjeve uttrykk for at staten ville stille opp i stort monn.

– Vi har vore opptekne av å komme Lærdal i møte så langt det er mogleg. Samstundes må vi ta omsyn til andre kommunar som blir ramma av slike katastrofar, sa Sanner til NRK då han kome med løyvinga tidlegare i mai.

Solheim er klar på at målet med eit eventuelt besøk er å skaffe fleire millionar til atterreisingsarbeidet som kommunen held på med.

– Kjem han på besøk vil han sjå at den heilskaplege tenkinga som ligg til grunn er reell, seier Solheim.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

INVITERT: Målet med å få kommunalminister Jan Tore Sanner på besøk, er å få staten til å løyve meir pengar til Lærdal.

Foto: Camilla Veka/NRK

Mobiliserer politiske krefter for å få auka løyvingar

Kommunen arbeider også hardt med å få Stortinget til å innvilge auka løyvingar til arbeidet. Ordføraren trur ikkje det er meir pengar å hente i Kommunaldepartementet, men planen dei har utarbeidd famnar om fleire felt, og at det difor bør vere mogleg å hente inn statlege midlar over andre budsjett. Håpet og målet er å få ei sak inn i revidert nasjonalbudsjett, men det hastar.

– Vi jobbar opp mot fleire politiske parti, og håpar nokon vil reise ei slik sak opp i revidert nasjonalbudsjett, og at det blir eit fleirtal bak det. Siste frist for det er 9. juni, og saka bør vere klar før den tid.

– Så helst bør Sanner kome på besøk allereie neste veke?

– Å få saka opp er ikkje avhengig av besøket, så han kan kome seinare, og velkomen er han.