Hopp til innhold

Investerer stort i nytt settefiskanlegg

Osland Havbruk skal byggje eit nytt settefiskanlegg til 50 millionar kroner på Sørebø i Høyanger.

Osland Havbruk i Bjordal

SATSAR STORT: Osland Havbruk har i dag fleire oppdrettsanlegg i Høyanger, som her i Bjordal. No satsar dei fleire titals millionar på eit nytt anlegg for settefisk på Sørebø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Selskapet skal no teikne kontrakt med selskapet Krüger Kaldnes om bygginga av det nye settefiskanlegget på sørsida av Høyanger kommune. Anlegget har ei investeringsramme på 50 millionar kroner, og skal stå ferdig på nyåret i 2016.

– Det vil gje moglegheita til å produsere ein veldig god smolt, med ein storleik som gjer at vi får ein lettare jobb i sjøen, seier Erik Osland, eigar og leiar i Osland Havbruk.

Ny teknologi skal gje større smolt

Osland Havbruk driv variert med alt frå produksjon av rogn til oppdrett av matfisk, med eksport av laks og aure. I dag har dei to anlegg for settefisk, i tillegg til fem for matfisk.

– Vi har anlegg på Sørebø i dag, men vi har ikkje hatt denne teknologien tidlegare. Dette er eit tilbygg der vi vil bruke resirkuleringsteknologi, slik at vi får ein betre vassmiljø for fisken, med raskare vekst og større fisk, seier han.

Kva er det resirkulering av?

– Det er vatnet, 95-96 prosent av vatnet blir brukt opp att. Då tek du vare på temperaturen, noko som er energieffektivt, seier han.

Vil gje merkbar miljøgevinst

Han trur ei slik investering vil gje ringverknader i lokalsamfunnet og verksemda vil auke ti årsverk ved anlegget, frå fem-seks i dag.

Osland Havbruk har over fleire år testa ut strategien med større smolt og kortare veksttid i sjø. I tillegg til dei økonomiske fordelane, vil det nye anlegget gje ein betydeleg miljøgevinst.

– Kort produksjonstid i sjøen er viktig med tanke på lus, det veit vi verkar godt, seier Osland.