Hopp til innhold

Intense diskusjonar på Ap-møte

Om kort tid, etter ein lunsjpause og intense samtalar på gangen for å skaffe fleirtal, skal Ap seie ja eller nei til gruvedrift i Engebøfjellet med sjødeponi i Førdefjorden.

Fylkesårsmøte Arbeidarpartiet

STOR SPENNING: Om kort tid stemmer Arbeidarpartiet i gruvesaka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Utsetjinga av avstemninga kom etter at Arne Johannessen i Luster Ap bad om eit møte med si lokallagsgruppe.

Nordic Mining ønskjer å utvinne 300 millionar tonn rutilmalm over 50 år i Engebøfjellet i Naustdal. Planen er å dumpe overskotsmassane frå gruvedrifta i eit sjødeponi i Førdefjorden.

Arbeidarpartiet har så langt vore blant partia som er for gruvedrift. Men førre veke kom signal på at det var i ferd med å endre seg. NRK fortalde onsdag at partiet er delt. Dei siste dagane har Førde og Naustdal Ap vore i ordkrig om gruvesaka.

– Me vågar å ta debatten, me veit det er ulike meiningar. Me respekterer kvarandre og det er eg sikker på at me skal gjere etter debatten og, sa fylkesleiar Hilmar Høl, som er deponi-tilhengar, i si innleiiande årsmøtetale.

Sterke usemje om faktagrunnlaget

Både Førde Ap og Eid Ap hadde send inn resolusjonsforslag til årsmøtet der dei oppmodar partiet til å gå mot sjødeponi som del av gruveplanane. Det har ført til ein konflikt mellom vekst og vern, industri og miljø, i partiet.

– Dei verste fryktene er avkrefta av Miljødirektoratet. Realitetane, fakta, er at det nesten ikkje er miljøargument for å seie nei, sa Harry Mowatt frå Hyllestad Ap tidleg i debatten om gruveplanane.

Men det vart raskt klart at oppfatningane av fakta i saka, som har vore gjenstand for ei rekkje utgreiingar og undersøkingar dei siste åra, er svært ulike.

– Miljødirektoratet er mot. Det er sant. Fiskeridirektoratet er mot. Det er sant. Havforskingsinstituttet er mot. Det er sant. Difor seier Førde Ap nei, sa Helge Robert Midtbø, og refererte til sidetal i dei ulike rapportane frå faginnstansane.

Men leiar i Naustdal Ap, og ordførar i kommunen, Håkon Myrvang, gjekk i rette med Midtbø, då noko av usemja frå veka som gjekk kom til overflata att.

– Det Førde Ap seier frå talarstolen er heilt feil. Eg håpar fylkesårsmøtet støttar sjødeponiet i Førdefjorden. Det er ingen grunn til å seie nei, og eg ber fylkesårsmøtet innstendig om å seie ja til sjødeponi.

Håkon Myrvang og Helge Robert Midtbø

STERKT UEINIGE: Håkong Myrvang og Helge Robert Midtbø møttest i lunsjpausen for å diskutere si heilt ulike oppfatning av kva ekspertane meiner om gruveprosjektet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ringverknadar for framtida

Også AUF hadde ei innstendig bøn til fylkesårsmøtet, men denne var for eit nei.

– Vi må bruke føre-var prinsippet. Kvifor skal vi risikere å gå inn for dette når faginnstansane seier nei? Vi ber dykk lytte til oss. Vi skal behandle fjorden godt, og gje han vidare til dei som kjem etter i same stand, sa AUF-ar Ingeborg Førde.

– I Sogn og Fjordane var vi bakpå då oljealderen kom. Vi kan ikkje vere bakpå ein gong til. Alternativet er utvinning i Sierra Leone, som ikkje er i nærleiken av dei same kontrollane som her, sa Pål Befring frå Jølster Ap.

Torbjørn Vereide frå Gloppen, som tidlegare var stor tilhengar av sjødeponi, la som AUF vekt på argument om neste generasjon.

– Avgjerda kan sende ringverknadar langt inn i framtida. Eg var så sikker på at eg hadde rett. Eg har lest nye rapportar. Samtlege store faginnstansar går mot. Når dei seier nei til fjorddeponi, lyttar eg til dei, sa Vereide.

Ingeborg Førde

FØRE-VAR: Ingeborg Førde oppmoda fylkesårsmøtet om å vere føre-var og gje fjorden vidare til neste generasjon i same stand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Truverdet som industriparti står på spel

Partiveteran og ordførar i Vågsøy frå 1999-2011, Roger Silden, støttar Førde Ap.

– Vi kan ikkje hive alt på sjøen. Det veit fiskarane. Vi har lært. Eg ønskjer ikkje at Sogn og Fjordane skal vere eit fylke vi dumpar avfall i. Eg elskar arbeidsplassar, men ikkje for ein kvar pris, sa han.

Nils P. Støyva, tidlegare leiar av fylkespartiet, fylkespolitikar og no distriktssekretær i LO, åtvara fylket mot å seie nei til sjødeponi.

– Vi har sagt ja tre gonger, og det må vi stå på. Askvoll og Naustdal er for. Eg les svara frå Miljødirektoratet som at konsekvensane for miljøet er akseptable. Vi er eit industriparti. Snur Ap no, vil det ha konsekvensar i valkampen. Truverdet som industriparti står på spel.

– Det er ingen hemmelegheit av eg er ein industriførekjempar. Eg håpar vi kan skape nye industriarbeidsplassar på kvart eit nes. Eg vil at årsmøtet skal ta Harry Mowatt sitt innlegg på alvor, seier noverande fylkesleiar Hilmar Høl, som er for sjødeponi.

Nils P Støyva

TILHENGAR: Nils P. Støyva bad fylkesårsmøtet stå ved tidlegare vedtak, og halde på truverdet som industriparti.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK