Hopp til innhold

No står storsatsinga i fare

Det er intens dragkamp om reiselivsframtida i Nordfjord. Etter at mellom andre Hotel Alexandra sette foten ned, vil truleg planen om storfusjon med Sunnmøre gå i vasken.

Richard Grov

VIL IKKJE: Både hotelldirektør ved Alexandra Hotell og Stryn kommune seier nei til samanslåing med reiselivsselskapa i nabofylket i nord.

Foto: Haakon Blaauw / NRK

– Eg synest det er beklageleg at denne eine storaksjonæren no kjem å seier at dei ikkje vil vere med inn i selskapet. Det er deira rett, men det skaper ein vanskeleg situasjon for oss andre, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Draumen var eit felles reiselivsselskap for Reisemål Stryn & Nordfjord, Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre: Eitt selskap for nokre av dei største reisemåla i landet.

Skepsis mange stader

Men både i Stryn og i Geiranger har skepsisen til ein reiselivsgigant styrt frå Ålesund vakse. Stryn kommune har etter råd frå Hotel Alexandra stilt seg kritisk til fusjon.

Direktør ved Alexandra Hotel, Richard Grov, meiner Nordfjord bør behalde sitt eige selskap, og eventuelt samarbeide med naboane i Geiranger.

– Vi støttar Nordfjord-tankegongen. Vi er nordfjordingar, vi er opptekne av lokal verdiskapning og lokalt eigarskap må ligge i botnen. Vi ønsker å halde fram den vegen, seier Grov.

Alfred Bjørlo

EID-ORDFØRAR: Alfred Bjørlo

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Ottar Nygård

SELJE-ORDFØRAR: Ottar Nygård

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Om 14 dagar skal generalforsamlinga ta stilling til framtida for reiselivssatsinga. Eid-ordførar Alfred Bjørlo held fast på planen om eit stort, fusjonert selskap. I Gloppen vil ordføraren snakke med næringslivet før generalforsamlinga, og Hornindal er også avventande.

Ordførar i Selje, Ottar Nygård, har støtta ein storfusjon, men snur om næringslivet ber om det.

– I utgangspunktet er eg veldig positiv, fordi vi kan bli mykje meir slagkraftige. Men når store reiselivsaktørar både i vårt fylke og på Sunnmøre vel å bakke ut, er vi også nøydde til å ta eit steg tilbake.

– Mange samarbeid kan rotne

Heller ikkje i dagens Reisemål Stryn & Nordfjord er det roseraudt. Førre veke gjorde Vågsøy kommune det klart at dei går ut av reiselivssamarbeidet.

Morten Hagen

VÅGSØY-ORDFØRAR: Morten Hagen

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det har vore skepsis i fleire år til kva vi får att for det vi betalar inn i kontingent. Litt for mykje fokus ligg på den store turistsatsinga inne i fjorden, seier ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H).

Selje-ordførar Ottar Nygård er lite nøgd med at Vågsøy kommune trekkjer seg.

– Det er leit, for eg skulle ønske dette var noko alle Nordfjord-kommunane kunne stå samla om. Det er då vi får framgang. Viss vi byrjar å «shoppe» der vi har store fordelar og lar anna vere, kan mange typar samarbeid rotne.