Hopp til innhold

Innvandrarar og avis møtest på midten

FLORØ (NRK): På to sider midt i lokalavisa ein gong i månaden skal innvandrarar få vise fram det dei er opptekne av.

Created by InfoDispatcher

– Det betyr veldig mykje for meg å få vere med i denne gruppa, seier trebarnsfaren Saed Bariise frå Somalia.

Vil lære mest mogleg

Det andre redaksjonsmøte med Firdaposten er i gong denne onsdagen, og ideane fyk over bordet.

– Vi kan lage sambusa. Og vi kan dele oppskrifta foreslår Bariise.

– Og vi kan fortelje historia om korleis vi feirar våre nasjonaldagar, seier Mahshid Taravat frå Iran.

19-åringen er oppteken av å få lære om norsk kultur og å gje noko tilbake.

– Det er så mykje som er annleis her, som er spennande og nytt. Eg vil så gjerne få lære og forstå, seier ho.

Vinnarprosjekt

Gjengen som er i redaksjonen er alle plukka ut på grunn av engasjementet sitt. Dei vil formidle sin kvardag, og fortelje avislesarane om kva dei er opptekne av.

– Vi treng kvarandre, og dette er mykje meir enn noko dei skriv i ei kladdebok. Dette er alvor og andre skal lese det, seier lærar på Innvandrarsenteret i Florø.
Ho meiner det er viktig at det innvandrarane gjer også vert lagt merke til av andre.

– Dette er meir enn ein prosess, og det vert eit ferdig resultat dei kan vere stolte av, seier ho.

Firdaposten har skrive om innvandrarar, og meinte det var på tide å gje ordet til dei som ikkje så ofte får stemma si høyrt.

– Dette vinn alle på. Vi får bli kjent med nye stemmer, nye kulturar og kan dele dette med lesarane våre, og dei får innblikk i norsk kultur, seier Liv Standal i Firdaposten.