Hopp til innhold

Innbrot for tredje gong – politiet ber om tips

Politiet i Stryn har i dag gjort undersøkingar ved Firda Billag og Nettbuss etter eit innbrot i løpet av natta.

Innbrot hos Nettbuss og Firda Billag

LA ATT UTSTYR: Politibetjentane Jan Tore Sunde og Mathias Engeset sikrar kjettingavbitaren som låg att.

Foto: Bengt Flaten/Fjordingen

Det var like før klokka 06 i dag tidleg at politiet fekk melding om innbrotet. Ifølgje Fjordingen har tjuvane teke seg inn gjennom eit vindauge.

– Det er lagt igjen både kjettingavbitar, brekkjarn og andre spor. Det er uvisst kva dei har fått med seg, men dei har brote opp ein safe på jakt etter sjåførpengar, seier politibetjent Jan Tore Sunde til avisa.

Dette er det tredje innbrotet i løpet av tre veker. Førre gong var 19. august, også då gjennom vindauget. No ber politiet om tips for å få slutt på innbrota.

– Dersom nokon har sett bilar eller personar i området ved rutebilstasjonen, er vi svært interessert i tips. Kanskje er det nokon som kjenner igjen kjettingavbitaren tjuvane la att, seier politibetjent Jan Tore Sunde til fjordingen.no.

Innbrot hos Nettbuss og Firda Billag

SIKRAR SPOR: Politistudentane Yngvild Østberg og Mathias Engeset gjer undersøkingar på staden.

Foto: Innbrot hos Nettbuss og Firda Billag