Hopp til innhold

Ingen visste kven som eigde grunnen under vindmøllene

Eit vindmølleanlegg til fleire hundre millionar kroner i Vågsøy har stått på ukjent grunn. Saka har rulla i to år, men no er grunneigarane samde i at det er gjort ei kjempetabbe.

Kvalheim Kraft - vindmøller på Mehuken

BYGDE UTAN AVTALE: Vindmøllene på Mehuken i Vågsøy vart sett opp utan at ein hadde gjort avtale med rett grunneigar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Lærdomen bør vere at ein sjekkar kven som eig kva før ein byggjer ut store område, meiner grunneigarane i advokat.

– Det er ikkje berre fornuftig, men også noko ein må kunne forvente, seier Paul Inge Angelshaug til NRK.

Investerte 300 mill. på ukjend mark

Ein gedigen brølar har denne våren blitt eit endeleg faktum. I 14 år har investeringar i vindturbinar på nær 300 millionar kroner på Mehuken i Vågsøy skjedd utan at ein har visst kor mange som faktisk eig området.

Jordskifteprotokollane som ingen hadde sjekka grundig nok gav først for to år sidan eit nytt bilete av eigedomstilhøva.

Paul Inge Angelshaug

TIL ETTERTANKE: Advokat Paul Inge Angelshaug har representert grunneigarane på Mehuken. Han meiner ein bør dra lærdom av saka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I fjor fastslo Nordfjord jordskifterett at mistanken var rett, i tillegg til gardane på Ytre Kvalheim og Myhre eig òg gardane på Indre Kvalheim grunn til nokre av turbinane. Saka vart etterpå anka til lagmannsretten, men i mai vart partane samde om eit forlik der jordskifteretten si utgreiing blir ståande.

– Denne prosessen viser at dei som skal i gang med slike utbyggingar har eit større ansvar for å sikre klårleik i slike spørsmål, seier Angelshaug.

Skal gjere avtalar med grunneigarar

Kvalheim Kraft lovar no å lage grunneigaravtaler på nytt slik at alle grunneigarane får kompensasjon i framtida, opplyser direktør Olav Rommetveit.

Også Fylkesmannen har gjort avtaler med feil grunneigarar til eit naturreservat som også er i området. Alt i 2013 sette NRK lys på saka, då uttalte miljøvernavdelinga at det ikkje er opp til dei å tolke kart og protokollar.

– Eg trur ikkje Fylkesmannen skal gå inn og lese jordskifteprotokollar, tolke kart og så vidare. Det er det ikkje vi som er den kompetente styresmakta til å gjere, sa rådgjevar Johannes Anonby.

Vindmøllemontering Mehuken

STORE AKTIVITET: Kvalheim Kraft i fleire etappar utvida vindmølleparken på Mehuken i Vågsøy. Parken opna med fem vindturbinar i 2001, og har i dag 13 turbinar.

Foto: Bjarne Eldevik

Fylkesmannen: – Ikkje dårleg samvit

Framleis, og etter at tabben er endeleg avklara, vil ikkje Fylkesmannen ta kritikk på vegner av statsmakta.

– I og med at både grunneigar og kommune tok feil, trur eg ikkje Fylkesmannen skal ha dårleg samvit for at vi ikkje visste det dei andre ikkje visste, seier Anonby ved miljøvernavdelinga.

Grunneigarane sin advokat, Paul Inge Angelshaug, seier grunneigarane er samde om at det ikkje skal vere noko økonomisk etterspel dei i mellom som følgje av feilen.