Hopp til innhold

Ministeren vil ikkje løfte ein finger for oljebasen i Florø

Stortingsbenken i Sogn og Fjordane møtte tysdag olje- og energiminister Tord Lien (Frp) for å høyre om regjeringa vil nytte styringsretten sin. Svaret frå ministeren var klokkeklart.

Oljebasen

FEKK SVAR: Stortingsbenken, med Ingrid Heggø i spissen, møtte olje- og energiminister Tord Lien tysdag. Men dei fekk ikkje dei svara dei ønskte.

Foto: Harald M. Valderhaug / NRK

– Ministeren vil ikkje løfte ein finger, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø.

Statoil har alt vedteke å flytte mesteparten av forsyningsaktiviteten sin frå Florø til Mongstad, og mange fryktar at mange hundre arbeidsplassar vil gå tapt på grunn av dette.

Vil ikkje drive aktivt eigarskap

Men Olje- og energidepartementet har allereie sagt at dei ikkje har identifisert forhold som gjer at Statoil si avgjerd krev involvering frå styresmaktene si side, og at dei dermed ikkje vil overprøve Statoil si nedbygging i Florø.

Departementet konkluderer dermed at nedbygginga ikkje bryt med konsesjonsvilkåra til Statoil, noko svært mange politikarar er usamde i.

– Vi fekk eit klart svar. Han vil ikkje drive aktivt eigarskap når det gjeld Statoil. Han hadde vel også ei haldning om at ein ikkje skulle leggje seg borti drifta til Statoil i det heile teke, uansett nivå, seier Heggø til NRK.no.

– Berre ord i ein valkamp

Trass i von på førehand, var ikkje stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane monaleg overraska over svaret dei fekk.

– Eg tykkjer det er veldig trist at aktivt eigarskap berre er ord i ein valkamp. Og når valkampen er over, så skal ein ikkje bry seg om dette i det heile. Det tykkjer eg er oppriktig trist, seier Heggø.

Ho meiner fleire av dei borgarlege politikarane kom med utsegner som lova langt meir under valkampen.

– Vi har utsegner både frå Ketil Solvik-Olsen og Jan Tore Sanner frå valkampen, der dei prøvde å gå lengre enn kva vi raudgrøne gjorde. Det var veldig stor skilnad på det førre olje- og energiminister sa då vi hadde møte om akkurat same saka, og det denne seier, seier Heggø.

Meiner petroleumslova er klar

– Betyr det at den sitjande statsråden ikkje tolkar petroleumslova på same måte som dykk?

– Nei, tydelegvis ikkje. Og så vil dei ikkje drive aktivt eigarskap. Dei vil ikkje bruke dei høva dei har, og dei vil heller ikkje bruke petroleumslova. Den er ganske klar. Den aktiviteten som er på sokkelen utanfor kysten, skal vise att på land, seier Heggø.

Men ho understrekar at kampen om oljebasen i Florø på langt nær er over. Stortingsbenken vil gå i gang med å bruke andre kanalar for å nå fram.

– Kva kanalar er det snakk om?

– Det er både formelle og uformelle. Så får vi setje oss ned og sjå kor vegen går vidare. Men eg meiner bestemt at vi må løfte det inn for Stortinget. Eg tykkjer det er oppsiktsvekkjande at ein minister ikkje vil halde seg til det som til dømes kjem frå ein komité eller frå eit Storting, og berre vil halde seg til romartalsvedtak, seier Heggø.

Har ikkje tenkt å gi seg

Ho trur den vanlege mannen i gata har ein annan oppfatning av kva konsesjonsvilkår er, enn kva statsråden gav uttrykk for i dag.

– Er slaget om oljebasen tapt?

– Nei, det tykkjer eg ikkje. Vi må klare å vinne dette slaget her. Vi har petroleumslova med oss, og det må vi minne dei på. Og så må vi minne dei på kva dei faktisk sa i valkampen og korleis det vart oppfatta, seier Heggø.

Ho understrekar at ho personleg ikkje er overraska over meiningane til statsråden.

– Nei, det er eigentleg dei haldningane som vi veit dei har. Det var det same som avspegla seg då vi diskuterte eigarskapsmeldinga, som Statoil var ein del av. Dei meiner vi ikkje skal eige så mykje som i dag, og at vi ikkje skal utøve eigarskapet vårt aktivt, seier Heggø.