Hopp til innhold

Ingen krav til vikarar når lærarane må på skulebenken

Når nær 38 000 lærarar må ta vidareutdanning for å tilfredsstille lovverket, blir det ikkje stilt krav til vikarane som blir hyra inn for dei.

En lærer står foran klassen i et klasserom

BYTTA UT: Medan kring 38 000 lærarar rundt om i landet må på skulebenken igjen for å få lov å halde fram med undervisning, blir det ikkje stilt nokon krav til vikarane.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Ein lærar som har undervist i matematikk i 20 år får no beskjed om at han ikkje lenger kan undervise i matematikk. Men, vi har tilsett ein lærar i mellombels stilling, den har ikkje matematikkompetanse, og den kan etter lova gå inn i klasserommet og undervise, seier Steinar Strømsli, fylkesleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane.

Steinar Strømsli ny utdanningsleiar

KRITISK: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli, stussar over at ingen stiller krav til vikarane som blir leigde inn når lærarane må tilbake på skulebenken.

Foto: Rune Fossum / NRK

Enormt vikarbehov

Ei regelendringar som vart vedteken av Stortinget i august, gjer at 38 000 lærarar som underviser i matte, norske eller engelsk må tilbake på skulebenken. Alle lærarar må no ha minst 60 studiepoeng i basisfaga for å få undervise. Lang erfaring kan ikkje vege opp for dei formelle krava.

– Det vil medføre eit enormt vikarbehov dei komande ti åra. Sogn og Fjordane har ikkje enorm tilgang på lærarar. Dei veks ikkje på tre for å seie det slik, og då blir det bruk av ufaglærte, seier Strømsli.

Ei ny undersøking gjort av Utdanningsforbundet syner at av alle lærarane i Sogn og Fjordane vil over halvparten måtte ta vidareutdanning. På åtte skular må alle lærarane til pers. Utdanningsforbundet har er redd dett går ut over kvaliteten på undervisinga til elevane.

Ordninga må vere slik

– Viss det er lærarar som er mykje vekke, så er det endå viktigare at dei som er der som vikarar er kompetente, seier Ingrid Syse.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

MÅ VERE SLIK: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier det ikkje går å stille krav til lærarvikarane dersom ein skal få kabalen til å gå opp.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Ho har forska på læraren si rolle i klasserommet, og held også fram at undersøkingar syner at faste lærarar ofte blir erstatta av ufaglærte. For mange skular slit med å få tak i vikarar med den rette utdanninga. Spesielt i mindre kommunar og skular kan det vere utfordrande.

Sjølv om fleire er kritiske til endringane som er innførte, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at det ikkje går å stille same krav til vikarane.

– For å få ordninga til å gå opp så har ein ikkje hatt same kompetansekrava til vikarar som ein har for fast tilsette lærarar. Skal du bli fast tilsett lærar må du ha pedagogikk, og vårt mål er at skal du bli fast mattelærar må du også ha det på plass, seier Isaksen.