Hopp til innhold

Har teke 20 år og 77,5 millionar å få på plass

Det nye Reiselivsmuseet i Balestrand får veggar av mose. Ved hjelp av ein heimelaga moselim skal betongveggane på museet som opnar neste år få ei grøn drakt.

Det nye reiselivsmuseet i Balestrand har kosta 77,5 millionar og det har teke 20 år og realisere. No kler dei utsida med mose, som er laga med ei litt spesiell oppskrift.

OPPSKRIFT: Med øl og yoghurt kjem dei langt på veg mot å dekke utsida av det nye museet i Balestrand med mose. Reporter: Torbjørn Selseng. Foto: Silje Bråstad.

– Ein liter yoghurt, ein halv liter øl, ein halv liter vatn og litt sukker. Det er den eigentlege oppskrifta, men no tek me potetmjøl i òg. Me fuskar, som Ingrid Espelid seier.

Sjefen for Norsk Reiselivsmuseum, Inger Marie von der Lippe, blandar saman ei skikkeleg røre.

Ved hjelp få Tomas og Bronus frå Litauen og skogbrukssjefen i Balestrand, Jørgen Hundseth, skal betongveggen på det nye museumsbygget kledast i mose.

– Ingen i Noreg har prøvd dette før, seier Hundseth.

Kostbart museum

Inger Marie von der Lippe og Jørgen Hundseth

LANG PROSESS: Sjefen for museet, Inger Marie von der Lippe, og skogbrukssjef, Jørgen Hundseth, er glade for at siste hand på verket er i ferd med å leggast.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Museet er 1800 kvadratmeter stort og har eigen kinosal og kafe.

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand har kosta 77,5 millionar å få på plass. Det må no dela driftsmidlar med De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Det har teke nesten 20 år å realisere bygget, frå dei første planane låg på bordet på midten av 80-talet.

I 2004 løyvde fylkeskommunen midlar, og etter det har kommunen og Kulturdepartementet hengt seg på slik at bygget i dag er offentleg fullfinansiert.

Prøvd ein gong på sagaøya

Museet blir eit nasjonalt senter for reiseliv når dei opnar neste år. Det nye bygget erstattar dei gamle bygningane på kaien i Balestrand som museumslokale. Inne i museet vil det vera utstillingar frå 200 år med norsk turisme.

Ei stor samling suvenirar, reiselivshistoria til Balestrand som inneheld både kongar og keisarar, og til og med steinen som bygget består av, får eiga utstilling.

Veggane i museet er skore rett ut av berget ved hjelp av laser og utgjer innsida av museet. Mosen vil utgjera utsida

– Det er prøvd ein gang på Island, på rådhuset i Reykjavik. Og då tenkte me: Får dei det til på Island, må me vel få det til her, seier Hundseth og von der Lippe.

Lift, lim og litauarar

Skogbrukssjefen har plukka mose i vekevis for å få nok til å dekka betongveggane på museet.

Med lift, rikeleg med heimelaga lim og to arbeidskarar frå Litauen skal det no klinast opp på veggen.

– Ein skulle jo tru det gjekk bra. Det er jo eit moseland, Noreg òg. Vanlegvis veks det veldig fort, berre me får det til å gro, seier Hundseth.

Rådhuset i Reykjavik

INSPIRASJON: Ingen i Noreg har prøvd dette, men mosefolket i Balestrand har henta inspirasjon frå Island.

Foto: Jason Paris