Norsk Country Treff 2010 - 1,2 MILLIONAR I STØTTE: Norsk Country Treff i Breim fekk gjev status som knutepunktfestival. - Foto: Per Svein Reed /

1,2 MILLIONAR I STØTTE: Norsk Country Treff i Breim fekk gjev status som knutepunktfestival.

Foto: Per Svein Reed

Ingen har høyrt frå køntrifestival

Ni månadar etter at Norsk Country Treff i Breim fekk knutepunktstatus, har dei andre countryfestivalane ikkje høyrt noko frå festivalen i Breim.

Det skriv Aftenposten. Som knutepunktfestival skal festivalen fungere som eit kompetansesenter for andre festivalar i sjangeren. Ingen av festivalane på Skjåk, Vinstra eller i Seljord har høyrt noko.

Dagleg leiar i Norsk Country Treff, Ingemar Sårheim seier til avisa at dei ikkje har hatt tid til å inngå samarbeid med dei andre festivalane så langt.

– Vi skal gjere det så snart årets festivalar er ferdig. Vi har fått nytt styre og ny leiar på plass, og har bygd opp organisasjonen vår, seier han.

Får støtte

Med statusen fekk festivalen 1, 2 millionar kroner frå kulturdepartementet. Countryfestivalen vert med det den fyrste countryfestivalen som har fått tildelt tittelen av Kulturdepartementet og dei vil difor få statsstøtte.

Skal evaluerast

Statssekretær Kjersti Stenseng i Kulturdepartementet seier at alle knutepunktstatusar vil bli evaluerte.

– Vi oppmodar festivalane om å samarbeide. No skal Breim gjennomføre sin første festival som knutepunkt, og dei har fått eit tydeleg oppdrag. No skal dei rapportere aktiviteten sin i samband med neste budsjettsøknad, seier ho.

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.