Hopp til innhold

Ingen av kommunane vil byte fylke

Trass motviljen hos innbyggjarane i begge kommunane Vanylven og Vågsøy, seier dei truleg ja til ein intensjonsavtale om samanslåing.

lena landsverk sande og kristin maurstad

SKEPSIS: Både ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap) og ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V) representerer innbyggjarar som har lite lyst å forlate sitt eige fylke.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes/Trond Vestre / NRK

Vågsøy kommune er skeptiske, og i Vanylven er dei svært lite villige til å byte fylke.

Torsdag har Vågsøy, Vanylven og Selje felles formannskapsmøte for å diskutere kommunesamanslåing.

– Mange utfordringar

Venstre-ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, er klar på at dei ikkje vil til Sogn og Fjordane.

– Dei ønskjer å vere ein del av Møre og Romsdal og sunnmørsregionen. Og så kom det no tydeleg signal frå Vågsøy at dei er heilt tydelege på at dei framleis vil høyre til Sogn og Fjordane, seier ho.

For begge kommunane ser store problem knytt til kva fylke dei skal høyre til og korleis dei i ein eventuell samanslåingsprosess kan møte desse utfordringane.

– Her er mykje problematikk knytt til kva fylke du skal høyre til, seier Sande, og viser til helsetilbod, vidaregåande skular og flytting av fiskekvote.

Ville hatt ei anna rekkefølgje

Skepsisen er stor også i Vågsøy, og ordførar Kristin Maurstad (Ap) meiner vegen mot ei mogleg samanslåing er lang og kronglete.

– Eitt moment som gjer det veldig komplisert å skulle ta eit bastant standpunkt på dette no er regionreforma som også no blir sparka i gang, seier ho.

For om Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal blir verande eigne fylke som i dag eller korleis det blir ved eventuelle endringar, er usikkert. Eit alternativ for Møre og Romsdal er å gå til Trøndelag, medan Sogn og Fjordane ser sørover.

Ho meiner rekkjefølgja på kommune- og regionreform synleggjer svakheiter.

– Det burde gjerne vore ei anna rekkjefølgje som gjorde at vi veit korleis regionane ser ut før vi kan bestemme kva slags region vi skal høyre til. Det finst ikkje ein fasit. Dette gjer det kompliserande.

Vil likevel gå vidare

Trass i mange spørsmål og få svar meiner Vanylven-ordføraren at det er verdt det.

– Regjeringa har sagt at vi ikkje skal tenke på fylkesgrensene i jobben vi gjer no. Difor meiner eg at vi skal jobbe oss vidare framover. Likevel er det ikkje oss som til slutt avgjer dette. Eg trur heilt ærleg at det ikkje kjem noko avgjersle før slutten av 2016, seier Sande.

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, meiner det er beklageleg at både Vanylven og Vågsøy er skeptiske til å byte fylke. Sjølv seier han at han personleg er villig til å bli møring.

– Vi veit ikkje kva regime vi har i 2020, så difor meiner eg at vi burde teke ei runde med både Fylkeskommunen og helseføretaka for å diskutere utfordringane før vi konkluderte.