Hopp til innhold

Ingebjørg (90) vil ikkje høyre snakk om kommunesamanslåing

Innbyggjarane vil ikkje høyre snakk om kommunesamanslåing, men politikarane i Leikanger har delte meiningar før kommunevalet.

Ingebjørg Lystrup

KLAR TALE: Ingebjørg Lystrup er ikkje redd for å seie kva ho meiner. At kommunen skal halde fram som sjølvstendig kommune er i alle fall sikkert, meiner ho.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vallogo

– Samanslåing vil eg ikkje høyre om i det heile. Vi har det så godt her, så kvifor skal ein begynne å rote med noko anna?

Ingebjørg Lystrup og resten av damene rundt kafebordet på kjøpesenteret på Hermansverk i Leikanger er samde.

– Vi klarar oss fint åleine vi, seier ho fast bestemt.

90-åringen har følgt ivrig med på debattar den siste tida og er rimeleg sikker på kva som står på stemmeseddelen hennar på valdagen.

– Eg har stemt på det same partiet i 70 år. Eg begynte då eg var 20 og no er eg 90, og det er Arbeidarpartiet som får mi stemme, fortel ho stolt.

Klart for ordførarskifte

Og det er Arbeidarpartiet som har sete med makta i kommunen dei siste 12 åra med Olav Lunden i førarsete. Men no gir han seg og dermed er det klart for eit ordførarskifte i den vesle kommunen.

Arbeidarpartiet sin ferske ordførarkandidat, Jon Håkon Odd, er likevel usikker framfor årets val.

– Eg tek ingenting for gitt og trur det vert veldig spennande. Eg gler meg veldig til valet, men grugler meg til å få resultatet, seier Odd.

37-åringen har kapra ein av dei 840 offentlege arbeidsplassane i kommunen i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). No håpar han å flytte arbeidsplassen 150 meter over parkeringsplassen og inn på ordførarkontoret.

– Eg håpar sjølvsagt Arbeidarpartiet framleis vil få god oppslutnad, og at innbyggjarane trur vi har dei beste løysingane for Leikanger-samfunnet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Håkon Odd

VIL BLI ORDFØRAR: Jon Håkon Odd (Ap) er klar til å ta over ordførarklubba i Leikanger kommune.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ikkje i mot samanslåing, men ...

Med i underkant av 2300 innbyggjarar bankar kommunereforma hardt på døra i Leikanger.

Jarle Aarvoll, arbeidarpartiordføraren i nabokommunen Sogndal ønskjer sterkt ei samanslåing med både Leikanger og Luster. I Luster er dei imot, og i Leikanger sprikar partia.

– Vi har blitt pressa inn i ein prosess som går for fort og er uoversiktleg, men eg er ikkje i mot kommunesamanslåing. Det beste for Leikanger er ha ei folkeavrøysting før vi bestemmer oss, seier Odd.

Han og partiet stiller seg bak regionrådet sitt arbeid med å greie ute ein storkommune i Sogn, og eit nordside-alternativ med eventuelle tilleggskommunar. Men ei samanslåing med berre Sogndal er uaktuelt for han. Den tanken har kommunen vore inne på tidlegare også.

– Det å slå saman to små kommunar for å lage ein liten kommune er nok ikkje løysinga ein er ute etter i ei kommunereform. For 10 år sidan vart det gjort ei utgreiing med Leikanger og Sogndal som kommune, og det var jo ein grunn til at vi ikkje slo saman kommunane den gongen, fortel Odd.

– Større betyr ikkje betre

Ole Simen Nesdal

ORDFØRARKANDIDAT: Ole Simen Nesdal (Sp) ønskjer ikkje at Leikanger skal slå seg saman med andre kommunar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I eit anna kontorbygg i kommunen sit Senterpartiet sin ordførarkandidat og noverande varaordførar Ole Simen Nesdal. Han jobbar hjå Statens vegvesen og er klar til å utfordre Arbeidarpartiet om ordførarstolen.

– Eg vil bli ordførar fordi eg er veldig engasjert i bygda, er med på veldig mykje og ser på vervet som ei moglegheit til å få påverke korleis bygda og kommunen utviklar seg, seier Nesdal.

Han meiner Leikanger ikkje er klar for ei kommunesamanslåing.

– Senterpartiet har vore veldig tydeleg på at vi ikkje vil ha noko kommunesamanslåing før folk vil det sjølv. Små einingar fungerer godt. Alt vert ikkje betre berre det vert større.

– I Leikanger har vi ein liten, men god administrasjon, ein god barneskule og ungdomsskule samt eit omsorgssenter som fungerer veldig bra. Vi trur at ved ein kommunereform så vert det meir byråkrati og kanskje vi mistar tenester på sikt som eg meiner vi skal ha i Leikanger, seier Nesdal.

– Vi står sterkare samla

Trude Risnes

STØRRE KOMMUNE: Venstre sin ordførarkandidat i Leikanger, Trude Risnes, trur kommunen bør bli større.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det tredje største partiet i Leikanger ved førre val, var Venstre. Deira ordførarkandidat Trude Risnes stiller seg heller positiv til å gjere kommunen større.

– Der tykkjer eg Venstre har vore tydlegast av dei lokale partia. No er vi midt i ei utgreiing, men vi trur det er mange ting som talar for at vi bør vere eit sterkare Sogn, og at Leikanger er sterkare i eit samla Sogn, seier Risnes.

Sjølv pendlar ho til Sogndal og sin jobb ved distriktskontoret og trur Leikanger kan vere tent med å samle seg med fleire kommunar.

– Dei næraste samarbeidspartnarane våre er nok Sogndal, Luster og Balestrand og Vik, seier ho.

Likevel meiner ho innbyggjarane ikkje treng å frykte ei sentralisering.

– Nærtenestene må jo liggje der folk bur. Når det gjeld dei andre tenestene som skal leggje til rette for nærtenestene, så løyser vi jo allereie i dag desse i ulike fellesskap, og eg ser ikkje noko grunn til at vi ikkje skal kunne bruke slike prinsipp framover. Ikkje sentralisering av arbeidsplassar, men ei desentralisert organisering, seier Risnes.

Aud Torun Strømseng

STÅ ÅLEINE: Aud Torun Strømseng ønskjer at kommunen skal stå åleine.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK
Une Bremer

KLARAR OSS: Une Bremer trur Leikanger klarar seg fint åleine.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Redd for å bli ein utkant

Innbyggjarane i byråkratkommunen er likevel skeptiske til ei samanslåing.

– Eg er i for det. Eg trur at i ein storkommune vert vi fort ein utkant, og då vert nok tenestetilboda dårlegare og meir og meir sentraliserte, seier Aud Torun Strømseng.

– Nei, eg trur ikkje det vert betre om vi slår oss saman med Sogndal og andre kommunar. Vi klarar oss godt slik vi har det no her på Leikanger, seier Une Bremer.