Hopp til innhold

Meiner den lange ventetida på gruve-avgjerd er ein politisk skandale

Åtte år, 60 rapportar og 110 millionar etter oppstarten, er det framleis uklart kva tid ei avgjerd om gruvedrift i Naustdal kjem.

Hanne Markussen Eek

SINT: Hanne Markussen Eek, styreleiar i Norsk Bergindustri, går til frontalåtak på motstadarane av gruvedrift i Vevring. Ho meiner også det er ein politisk skandale at politikarane på Stortinget framleis ikkje har teke ei avgjeld i Engebø-saka.

Foto: NRK

– Eg tykkjer dette er ein politisk skandale for Norge. Og det er ein tverrpolitisk skandale, seier Hanne Markussen Eek, styreleiar i Norsk Bergindustri.

Nordic Mining ønskjer å utvinne 200 millionar tonn rutilmalm over ein periode på 50 år i Naustdal. Gruveavfallet skal dumpast i fjorden, noko som gjer prosjektet svært omstridd. Det skal investerast for 2 milliardar kroner og det vil bli skapt 170 arbeidsplassar. Planane i Naustdal er Nordic Mining sitt klart største prosjekt.

Dei siste seks åra har selskapet utarbeidd 60 rapportar og brukt 110 millionar kroner på utgreiingar i samband med det planlagde gruveprosjektet i Vevring i Naustdal.

Meiner det er fanatisme

Eg vil kalle det samfunnsfiendtleg kjenslestyrt fanatisme.

Hanne Markussen Ek

Hanne Markussen Eek i Norsk bergindustri meiner stortingspolitikarane lir av fullstendig avgjerdsvegring i denne saka.

– No har eg vore med i styret i sju år, og heile denne tida har Engebø-prosjektet gått. Eg vil påstå at dei ikkje er noko nærmare no enn då dei starta. Avgjerdene blir berre trenert og trenert.

– Er det rett og slett avgjerdsvegring dette her?

– Ja, og det handlar om at vi er eit land med veldig lite industriell kompetanse både hjå politikarar og embetsverket. Det er sterke motkrefter. Du blir hengt ut som ein miljøfiendtleg dersom du står opp for industri. Eg vil kalle det samfunnsfiendtleg at ein gir så stort handlingsrom til den kjenslestyrte fanatismen.

– Det er sterke ord du brukar?

– Ja, og det gjer dei mot oss også. Så det gjer eg med godt samvit. Det er klart vi skal ta vare på miljøet og jobbe for å ha den beste miljøteknologien. Men vi er nøydde til å ha arbeidsplassar, vi er nøydde til å ha industri.

Reagerer sterkt

Thingnes reagerer sterkt på skuldingane frå Markussen Eek.

– Det verkar som dei byrjar å verte ganske desperate etter kvart. Den type merkelappar høyrer vel kanskje ikkje heilt heime i debatten. Dette prosjektet er ikkje eit ferdig prosjekt som er klart for å førast inn i samfunnet, som ikkje har negative konsekvensar, seier SV-politikaren.

Ole Erik Thingnes i samband med markering for levande Førdefjord

SV-POLITIKAR: Ole Erik Thingnes meiner Norsk Bergindustri kun har fokus på at Nordic Mining skal ha best mogleg inntening. Miljøet bryr dei seg lite om, seier han.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det verkar som Norsk Bergindustri er desperat.

Ole Erik Thingnes

Krev avgjerd på nyåret

Gunnar Gundersen, Næringspolitisk talsperson for Høgre på Stortinget, forstår på si side at Markussen Ek reagerer på at den lange sakshandsamingstida.

– Det høyrest heilt forferdeleg ut. Vi kom inn i regjering i 2013, og vi jobbar målbevisst med at vi ikkje skal utsette næringslivet for den type saksbehandling.

– Regjeringa har brukt eitt år: de kunne avgjort dette lenge før? Dei fleste rapportane låg der?

– Jau, men då legg du til grunn at det er ei enkel sak. Det er det jo ikkje. Det er ei komplisert sak å sette seg inn i. Eg har full respekt for det. Litt ut på nyåret forventar eg at det kjem ei avgjerd.

Kostbart

Ivar Fossum

IVAR FOSSUM: Administrerande direktør i Nordic Mining.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det er veldig kostbart med undersøkingar og utgreiingar etter år, seier Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.

Han seier det er krav frå styresmaktene som gjer at så mange rapportar er utarbeidde, og at det er naturleg. Men Fossum meiner likevel det har vorte for mykje.

– Det er viktig at forvaltninga har integritet i forhold til det som er vedteke skal vere grunnlaget for deira avgjerd. Vi ser tendensar til at vi i løpet av åra må levere mykje, mykje meir enn det som opphavleg skulle vere sjølve grunnlaget.

Brekkstong

Ole Erik Thingnes, meiner pengeargumentet blit brukt for å kjøpe støtte.

– Her blir økonomien til selskapet brukt som brekkstong for å forklare at det må skje noko. Kor lenge ei sak er greia ut fortel ikkje kor godt ho er greia ut. Det er ikkje noko mindre fagleg motstand og motsetnad i dag enn då det starta, seier Thingnes.