Hopp til innhold

Indre alternativ er det beste for næringslivet, meiner ordførararane i Indre Nordfjord

Ordførarane i Indre Nordfjord meiner næringslivet i regionen taler for det indre alternativet for E39 gjennom Nordfjord.

Sven Flo E39

INDRE ER BEST: Ordførarane i Indre Nordfjord meiner det indre alternativet er best for Næringslivet, seier Stryn-ordførar Sven Flo.

Foto: Fotomontasje / NRK

– Vi står fjellstøtt på det vi har sagt før og underbyggjer det vi har sagt med at frå eit næringssynspunkt er det indre alternativet det beste, seier ordførar i Stryn, Sven Flo.

Indre Nordfjord er svært attraktiv og gode på næring, sett i lys av dette bør storsamfunnet velje brua indre som alternativ for kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord. Det meiner ordførarane i Stryn, Hornindal og Stranda.

I løpet av våren skal regjeringa bestemme seg for kva alternativ dei skal gå for.

Førre veke aksjonerte representantar frå 22 verksemder i Eid og Gloppen på Lote ferjekai med krav om at E39 skal gå for bi deira verksemder og ikkje indre trase via Stryn.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

SNART AVKLART: E39-alternativa gjennom Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

Får mest att med indre

Sven Flo, meiner storsamfunnet får mest att for investeringa ved å velje det indre alternativet.

Sett i lys av næringsstrukturen i indre Nordfjord er det nettopp brua i indre som vil vere poenget for at storsamfunnet får utteljing for å gjere investeringa nettopp her.

ordførarane i Indre Nordfjord

Blant argumenta deira ligg blant anna at Stryn kommune vart i januar i år omtalt som beste kommunen totalt sett i denne regionen i NHO sitt Nærings-NM for 2012 i Dagens Næringsliv.

Han fortel at dei i tillegg har fått eit anerkjend forskingsmiljø til å sjå på dette.

– Ei oversikt vi har viser dette som går på næringsattraktivitet, og her har vi teke med fleire parameterar enn det blant anna Nordfjordkryssing AS har gjort i sin argumentasjon. Det syns vi er viktig for å få heilskapen i dette. Her ligg både Stranda, Hornindal og Stryn veldig godt an i forhold til blant anna Gloppen og Eid kommune, seier han.

I ei pressemelding skriv ordførarane i indre at halve E39 indre snart er ferdig utbygd, og at det då må vere heilt naturleg å peike kor viktig det er for næringslivsstrukturen i regionen at indre linje vert fullført med bru i indre til Byrkjelo/Skei.

Står fast på midtre alternativ

– Stryn er ein veldig god næringslivskommune og eg har ingen grunn til å trekke Stryn ned som næringslivskommune. Det seier Alfred Bjørlo som er ordførar i Eid.

Ikkje er han overraskande er han rykande ueinig med kollegaene i Stryn om kva som er det beste alternativet for E39 gjennom Nordfjord. Bjørlo held fast på at hans alternativ med bru over Anda Lote vil vere beste.

– Ja, det er jo heva over tvil. og det er dokumentert både i Statens vegvesen sine rapportar og i tilleggsrapportar som er kome om bu- og marknadsregionane, seier han.

I løpet av våren har regjeringa lova kome med si avgjerd.

– Eg er veldig spent på det. Eg er veldig optimistisk på vegner av det indre alternativet, så eg gler meg til at vi no snart får svar på dette, seier ordførar i Styn, Sven Flo.