Hopp til innhold

Imponerte VM-vinnaren då han fekk kreft

SJUSJØEN (NRK): Jarle Midthjell Gjørven (22) let seg ikkje knekke av kreft, og satsar på å etablere seg i verdstoppen. Det imponerer kompisen Johannes Thingnes Bø.

Jarle Midthjell Gjørven

TILBAKE FOR FULLT: Jarle Midthjell Gjørven i startområdet før sesongopning i skiskyting. Han er tilbake etter kreftsjukdom, og siktar mot ein plass i IBU-cupen denne sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Han har kanskje fått litt andre mål med ting - og det samme har eg fått. Eg vann jo VM-gull i vinter, men eg tenkte sjølvsagt på Jarle undervegs, seier Johannes Thingnes Bø.

Han opplevde sist vinter eit førebels høgdepunkt i karrieren, då han gjekk inn til VM-gull på sprinten i Kontiolahti. Samstundes visste han at bestekameraten hadde fått øydelagt sesongen, då han fekk kreft i eine testikkelen.

– Det var kjedelege nyheiter å få. Han har vore min beste kompis sidan dag éin i barnehagen, seier Thingnes Bø.

Var aldri redd då han var kreftsjuk

Romjula 2014. 21 år gamle Jarle Midthjell Gjørven merkar at noko ikkje er som det skal i underlivet. Han går til legen. Der blir han sendt vidare til ultralyd. På nyåret blir han operert – og prøver syner at svulsten er ondarta.

– Eg prøvde å sjå optimistisk på det, og eg visste jo at nesten alle blir friske av denne formen for kreft. Men det er tungt å måtte innsjå at ein ikkje får gjort noko med det. Eg kunne ikkje trene for å bli i betre form. Måtte berre vente, seier stryningen.

– Men eg var på ein måte aldri redd. Eg visste eg sto sterkt, i og med at eg var i god fysisk stand - det er alltid ein fordel, seier Gjørven.

Johannes Thingnes Bø saman med Ole Einar Bjørndalen på trening

IMPONERT: Johannes Thingnes Bø (t.v.) er imponert over måten bestekompisen takla kreftsjukdomen på. Til høgre Ole Einar Bjørndalen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Målet er å ta steget opp i verdstoppen

22-åringen har i fleire år vore eitt av dei største skiskyttartalenta i landet. Så seint som i mars 2014 tok han bronse på jaktstarten under junior-VM i USA. Han har også to NM-gull på stafett for Sogn og Fjordane.

Men då han fekk kreftdiagnosen vart det ein bråstopp i karrieren, sjølv om han stilte til start i fleire renn utover vinteren.

I helga var han igjen på startstrek – frisk som ein fisk – då skiskyttarane hadde si sesongopning på Sjusjøen. No har stryningen som mål å få gå IBU-cup i løpet av sesongen. På lengre sikt har han planar om å bli ein av verdas beste skiskyttarar.

Trur kameraten har blitt sterkare mentalt

– Målet er å bli best. Eg har veldig lyst til å hevde meg i toppen av internasjonal skiskyting. Berre det å vere med i sirukset - det kunne eg tenkje meg, seier Gjørven.

Johannes Thingnes Bø meiner bestekameraten har takla perioden på ein framifrå måte. Og han trur han kan slå tilbake også i sporet og på standplass.

– Sjukdomen har nok gjort han sterkare mentalt. No er det kanskje ikkje viktigast å bli verdas beste skiskyttar – men at han framleis kan drive med skiskyting som er morosamt. Kanskje får han eit anna perspektiv på ting, seier verdsmeisteren.

– Det same har eg fått no når eg fekk det så nært på meg, seier Thingnes Bø.

Jarle Midthjell Gjørven ut frå skyting

OFFENSIV: Jarle Midthjell Gjørven er klar på at han vil bli ein av verdas beste skiskyttarar.

Foto: Rune Fossum / NRK