Hopp til innhold

Nykomlingen ikkje skuffa over å bli sett på benken

Nykommaren Christophe Psyché (25) er ikkje skuffa over å starte sin første kamp for Sogndal på benken.

Christophe Psyché

BENKA: Christophe Psyché set på benken når Sogndal tek imot Odd Grenland i kveld.

Foto: Celina Christoffersen

Franskmannen signerte torsdag kontrakten som gjer han til Sogndal-spelar ut sesongen.

I dag set Christophe Psyché på benken når medaljejagande Odd Grenland vitjar Fosshaugane.

– Alle ynskjer jo å spele, men eg fekk ein skade i låret på første treninga eg var her. No er eg nett komen tilbake, og eg trur ikkje eg er i stand til å spele heile 90 minuttar, seier 25-åringen til NRK.no.

Trur ikkje på debut

Det meste tyder på at Hannu Patronen og Bjørn Inge Utvik får fornya tillit i midtforsvaret til Sogndal.

(Under kan du følgje kampen minutt for minutt)

Laster innhold, vennligst vent..

Psyché reknar sjansen som liten for at han får sine første minuttar i den kvite og svarte Sogndal-drakta.

– Forsvarsrekkja som trenaren set opp er meininga skal vere slik gjennom kampen. Det er ikkje bra å gjere for store endringar der, så eg reknar nesten med at det ikkje blir speletid i dag, seier han.

Tøff konkurranse

Håvard Flo

SPORTSLEG LEIAR: Håvard Flo og Sogndal hentar inn to nye midtstopparar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Med andre ord er det truleg på treningsfeltet Psyché må legge grunnarbeidet om han skal inn i startoppstillinga. Om kort tid er det også venta at svenske Tom Söderberg sluttar seg til troppen på lån ut sesongen.

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, håpar Elfsborg-spelaren blir klar til neste kamp. Svensken har siste tida vore lånt ut til greske Apollon Smirnis og har ifølgje svensk media hatt interesse frå Asia, Nord-Amerika og Europa.

Tom Söderberg

PÅ LÅN: Tom Söderberg kan bli klar til borteoppgjeret mot Strømsgodset neste helg.

Foto: ADAM IHSE / TT / TT NYHETSBYRÅN

– Han er ein spelar med bra erfaring, og ein midtstoppar som ruvar godt i landskapet både i lufta og på bakken. Han har fått gode skottsmål, seier Flo.

Med andre ord blir det endå større konkurranse om midtstopparplassen.

– Det er gode spelarar og det er berre bra å ha gode spelarar å konkurrere med. Det gjer at du sjølv skjerpar deg. Det blir ei god utfordring for meg, seier Psyché.

Fleire interessentar

Den tidlegare Løv-Ham-, Kristiansund- og HamKam-spelaren hadde konkret interesse frå andre 1. divisjonsklubbar då han signerte. Også utanlandske klubbar ynskte å sjå nærare på kvalitetane hans.

Valet fall likevel på Sogndal.

– No har eg spelt i 1. divisjon og 2. divisjon, og hadde lyst til å prøve meg her. Det blir ei ny utfordring, seier midtstopparen som vart henta inn som erstattar for Azar Karadas og Gustav Valsvik som nyleg vart selde.

Laster innhold, vennligst vent..