Hopp til innhold

Bistandsadvokat ikkje overraska over endra sikting

Bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå er ikkje overraska over at politiet skjerpar siktinga mot den sikta etter trippeldrapet i Årdal.

Maria Kirkeeide Ravnå

ENDRA: Politiet meiner trippeldrapet ved Holsbru i byrjinga av november var planlagt. – Eg er ikkje overraska over endringa som er gjort i siktinga, seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå (innfelt).

Foto: Arkiv / Christian Blom / NRK

Maria Kirkeeide Ravnå vart i dag orientert om at politiet meiner den trippeldrapssikta planla drapa om bord på Valdresekspressen i november i fjor.

Siktinga er endra frå forsettleg, til overlagt drap.

– Eg er ikkje overraska over endringa som er gjort i siktinga. Det er ei vurdering som påtalemakta har gjort på bakgrunn av etterforskinga og dei bevis som ligg føre i saka, seier advokaten.

Endra siktinga

Kirkeeide Ravnå representerer dei pårørande til den 19 år gamle kvinna frå Årdal som vart blant dei drepne om bord på bussen.

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes

POLITIADVOKAT: Jørn Lasse Refsnes seier politiet reknar trippeldrapet i Årdal som ferdig etterforska.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Dei tre drepne, to passasjerar og bussjåføren, hadde skader som var foreinlege med stump vald, samt knivskader. Ein kjøkkenkniv og hammar blir knytt til drapshandlingane.

Den sikta skulle etter planen sendast ut av landet dagen etter drapa.

– Det ligg i siktinga at handlingane var planlagde, og at det ligg vurderingar bak. Det er ikkje tale om noko impulsiv drapshandling, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes til NRK.no onsdag.

Fengsel i 21 år

Heller ikkje forsvarar Fredrik Verling er overraska over endinga politiet har gjort i siktinga.

Blir den sikta sørsudanaren tiltalt og funnen skuldig i overlagt drap, risikerer han fengsel i 21 år.

– Det ligg i sakas natur at det påtalemakta finn grunnlag for å sikte han for, det siktar dei han for. Så blir det opp til meg som forsvarar gjere min jobb vidare, seier Verling.

Ferdig etterforska

Den trippeldrapssikta har førebels ikkje ville la seg avhøyre av politiet. Politiadvokat Refsnes seier at dei etter forsøket måndag ikkje vil gjere nye framstøyt for å få mannen avhøyrd.

Politiet ser saka som ferdig etterforska og vil sende si innstilling til Statsadvokat og Riksadvokat for endeleg påtaleavgjerd.

– Politiet meiner forklaringa hans ikkje er avgjerande i høve til straffespørsmålet, så saka er etter politiet sitt syn godt nok opplyst til å kunne påtalevurdere den utan hans forklaring, seier Refsnes