Hopp til innhold

– Førdefjorden bør ikkje lenger vere nasjonal laksefjord

Ein konsekvens av avgjerda om fjorddeponi bør vere at vedtaket om at Førdefjorden er nasjonal laksefjord blir oppheva, meiner Elin Tveit Sveen.

Elin Tveit Sveen

– OPPHEV NASJONAL LAKSEFJORD: Styremedlem Elin Tveit Sveen i Sjømat Norge meiner det ikkje lenger har noko for seg med vern mot oppdrett i indre del av Førdefjorden.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Lakseoppdrettaren med base på Svanøy i Flora kommune er styremedlem i Sjømat Norge. Ho meiner ordførarane i Askvoll og Naustdal no bør jobbe for at oppdrettsnæringa får sleppe til i indre delen av Førdefjorden.

– Dei bør no vise like stort engasjement som dei har gjort for gruveplanane for at den nærmaste oppdrettsverksemda, Flokenes fiskefarm, får alternative lokalitetar. Og den einaste vegen det er mogeleg er innover fjorden.

Det vil seie innanfor Ålesundet, der grensa for den nasjonale laksefjorden vart lagd i 2006. Den eine lokaliteten til Flokenes fiskefarm ligg no på sørsida av Førdefjorden med fortøyingane i det som skal bli deponi.

Båt ved Russenes

HER GÅR GRENSA: Neset til høgre for båten er Russeneset, der grensa for den nasjonale laksefjorden går. I bakgrunnen ser vi Engebø med utskipingskaien som vart bygd for mange år sidan.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje naturleg med laksefjord lenger

Elin Tveit Sveen er ikkje overraska, men likevel svært lei seg over at regjeringa landa på eit ja til å deponere store mengder overskotsmasse frå gruvedrifta i Førdefjorden.

– Når alle faglege råd går på at deponi kan ha konsekvensar for villaksen, og regjeringa likevel har sagt ja til gruvedeponi, er det ikkje lenger naturleg å kalle Førdefjorden ein nasjonal laksefjord. Då bør arealet innover i fjorden kunne brukast til å produsere oppdrettslaks.

– Uvissa er ikkje god

For Elin Tveit og dei andre som driv med oppdrett lenger ute, på Svanøy, er framtida også nokså uviss.

– Vi må kunne dokumentere at maten vi produserer er i eit reint miljø, og krava blir stadig strengare. Når vi då må opplyse om slike utslepp som vil kome frå Engebø er eg redd for at vi vil få problem.

Ho seier at ho er i villreie om kva framtida vil by på, og den uvissa er ikkje god.

– Vi jobbar med å prøve å skaffe oss alternative lokalitetar, men det er ikkje tilgjengelege lokalitetar i området her, og det minkar på tilgjengeleg areal langs kysten. Difor er det trasig at dei vel å bruke eit område som er veleigna til matproduksjon til deponi.

Direktør Ivar Fossum i Nordic Mining sa fredag at dei reknar med at det vil ta fire år før gruvedrifta på Engebø kan kome i gang.

– Vi må bruke dei fire åra til å sette oss inn i og fylgje med på prøvetaking og sjå til at deponiet ikkje fører til ulempe for anna næring, slik politikarane har lova, seier Elin Tveit Sveen.

Marø Havbruk på Svanøy i Flora

UVISS FRAMTID: For Marø Havbruk på Svanøy, der Elin Tveit Sveen er medeigar, kan vedtaket om deponi få fylgjer.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK