Hopp til innhold

Idrettstalent forsvinn

Unge idrettstalent forsvinn ut av fylket. Det vil dei vidaregåande skulane endre på.

Video nsps_upload_2010_3_11_19_4_35_485.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Gjøran Tefre må til Geilo for å få ei utdanning som kombinerer skulefag og toppidrett.

Gjøran Tefre (15) frå Førde vil satse på langrenn, og siktar seg mot toppen.

– Det er det eg synst er moro å drive med. Eg har det veldig moro når eg går på ski, seier han.

Må til Geilo

Han er eit av fleire talent som ynskjer å satse vidare på ein idrett mot toppnivå. Men her i fylket finn han ikkje ei utdanning som kombinerer utdanning og toppidrett.

Gjøran Tefre

Gjøran Tefre

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Avgangseleven på Førde ungdomsskule vurderer i staden Norges Toppidrettsgymnas på Geilo neste skuleår.

Tefre meiner idrettslinjene i Sogn og Fjordane ikkje er gode nok for dei som vil satse.

– I forhold til Geilo så kan dei eigentleg ikkje måle seg. Men dersom fylket hadde hatt eit skikkeleg tilbod hadde valet vore lett, seier Tefre.

– Hadde vi hatt ei vidaregåande linje i Førde som kunne kombinert skule og idrett på ein like god måte hadde eg nok valt å bli igjen.

For dårleg tilbod

Tilbodet til elevar i vidaregåande skule er for dårleg, meiner både idrettskrinsen og skulane.

Dei er bekymra for at fråflyttinga kan skade idrettsmiljøet i fylket.

Kjell Arnestad er rektor ved Firda vidaregåande skule. Han har sett fleire unge talent forsvinne ut av fylket.

Vi har eksempel på at heile lag har rakna når to eller tre av toppspelarane på laget forsvinn.

Kjell Arnestad

Vil byggje opp betre tilbod

Kjell Arnestad

Kjell Arnestad

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Skulane og idretten i Sogn og Fjordane vil no samarbeide slik at dei ulike skulane skal spesialisere seg på enkelte idrettar.

Arnestad leiar arbeidsgruppa som skal byggje opp idrettstilbodet på dei vidaregåande skulane.

– I praksis skal kvar skule lage eit tilbod som skal inkludere opplæring i skulefaga og opplæring i idretten, seier han.

Norvall Nøringset, nestleiar i houvdutvalet for opplæring i fylket trur det vil vere mogleg å byggje opp eit toppidrettstilbod innanfor enkelte idrettar.