Hopp til innhold

Lokale idrettslag skal syte for å fylle opp Fosshaugane på 1. divisjonskampane

Komande sesong kjem ikkje trekkplaster som Rosenborg, Molde og Strømsgodset til Fosshaugane Campus. Sogndal må i staden møte lag som Åsane, Nest Sotra og Ranheim. No samlar fleire idrettslag i Sogn seg for å syte for at tribunane likevel blir fylte opp.

Idrettslag på lag med Sogndal

VIL SKAPE ENTUSIASME: Leiarar for idrettslaga saman med Sogndal-kaptein Rune Bolseth framfor dugnaden som startar komande fredag.

Foto: Pressefoto

«På lag med Eirik Bakke» er tittelen på dugnaden, som går ut på å selje sesongkort til 1. divisjonssesongen 2015. Fire idrettslag, Kaupanger, Hafslo, Norane og Sogndal, skal selje sesongkort og sjølv tene på det.

– Fulle tribunar vekkjer krigaren

For 300 kroner av prisen for kvart sesongkort går til dei deltakande idrettslaga. Eirik Bakke, som har teke over som trenar for Sogndal, er glad for denne hjelpa.

– Eg veit kva fulle tribunar gjer med spelarane under kamp. Det vekkjer krigaren i dei alle. I tillegg gjer det godt at mange bryr seg, og eg er glad for at Sogndal Fotball gir noko tilbake til dei idrettslaga som deltek.

Eirik Bakke

- GODT AT MANGE BRYR SEG: Trenar Eirik Bakke er glad for at det blir gjort noko for å fylle tribunane.

Foto: NRK

Sogndal Fotball bad i haust om eit samarbeid med idrettslaga i nærområdet for å finne ut korleis dei kunne få til meir entusiasme rundt og lojalitet til A-laget til Sogndal.

Prosjektleiar Rasmus Mo seier dei i Sogndal Fotball er glade for at naboklubbane viser så stort engasjement.

Kaptein Rune Bolseth skal vere med på å selje sesongkort, og han seier han gler seg til oppgåva.

– Dette vert spennande. Det er ei stor julegåve.

Salet av sesongkort startar fredag denne veka. Og etter at Brann tapte for Mjøndalen er det klart at det iallfall blir eitt oppgjer på Fosshaugane Campus i 2015 med litt ekstra publikumsappell.