Førde - HELLER BIL: I sykkelbyen Førde vel innbyggjarane bil framfor både kollektivtrafikk og sykkelsetet. - Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

HELLER BIL: I sykkelbyen Førde vel innbyggjarane bil framfor både kollektivtrafikk og sykkelsetet.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I sykkelbyen brukar dei bil

Ingen brukar bilen meir enn i den første sykkelbyen på Vestlandet.

I mai i år vart Førde den første sykkelbyen på Vestlandet .

Nokre månader seinare kjem Statistisk sentralbyrå med rapporten som viser at ingen brukar bilen meir enn innbyggjarane i sunnfjordbyen.

Sykkelstativ i Førde - GLISSENT: Få syklar opptek plassen i dette sykkelstativet. - Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

GLISSENT: Få syklar opptek plassen i dette sykkelstativet.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– I snitt ser vi at jo mindre by, jo høgare bilhandel, seier forskingsleiar Aud Tennøy ved Transportøkonomisk institutt til Bergens Tidende.

Dårlegast i Norge

Det er på oppdrag frå Miljøverndepartementet at SSB har samanlikna 31 mellomstore norske byar for å finne ut miljøutviklinga i byane.

Og Førde med sine 12.000 innbyggjarar kom altså dårlegast ut. Her vart nemleg bilen brukt i 76 prosent av dei daglege reisene. Tønsberg kjem best ut i rapporten med 60 prosent.

– Dei mellomstore byane har ofte lågare tettheit, og då blir det fort bilavstandar. Om dette er eit problem, er eit politisk spørsmål. Men har ein eit ynskje om å redusere klimautslepp, er det jo problematisk, seier Tennøy til avisa.

Dårleg tilrettelagt

Bybussen i Førde. - SLIT: Bybussen reduserte billettprisen utan at det gjorde store utslag på passasjermengda. - Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

SLIT: Bybussen reduserte billettprisen utan at det gjorde store utslag på passasjermengda.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Samstundes som bilbruken er høg, viser rapporten også at bybussen slit med å fylle seta. Berre ein prosent av daglegreisene skjer med kollektivtrafikk. Ingunn Hove (28) seier til Bergens Tidende at sentrum er dårleg tilrettelagt for mjuke trafikantar og ser ikkje vekk ifrå at lange avstandar kan vere ei medverkande årsak.

Tennøy fortel at over halvparten vel bil når reiselengda er over ein kilometer. Det er dårleg nytt for politikarane i Førde der stadig fleire butikkar flyttar til nye shoppingsenter utanfor sentrum.

– Ein bør difor lokalisere mest mogleg bustadbygging, næringsutvikling og handel sentralt. Shoppingsenter utanfor byen er ikkje eit sjakktrekk, seier ho til avisa.

– Vil endre seg

Jan Erik Bruland, Olve Grotle og Ingvar Byrkjeland - BETRE TIDER: Olve Grotle (i midten) fronta saman med Jan Erik Bruland og Ingvar Byrkjeland sykkelbyen Førde. - Foto: Gro Ravnestad (MMS-foto) /

BETRE TIDER: Olve Grotle (i midten) fronta saman med Jan Erik Bruland og Ingvar Byrkjeland sykkelbyen Førde.

Foto: Gro Ravnestad (MMS-foto)

Ordførar i Førde, Olve Grotle, både håpar og trur at ting vil vere endra om få år.

For medan kommunen dei siste ti åra har sett lengda gang- og sykkelvegar bli redusert med 0,2 kilometer, har kommunen gjennom sykkelavtalen forplikta seg til å satse på dei mjuke trafikantane.

– Vi arbeider no med ein trafikkpakke, der eitt av elementa er å få ned bilbruken i sentrum av Førde. Kommunen har også inngått ein sykkelvegavtale med fylkeskommunen og Statens vegvesen, seier han.

Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.
Bli med i radiostudio og lær korleis ein stryk kvite fine bunadsskjorter til 17. mai