Hopp til innhold

I kveld er det berre å nyte stjernehimmelen

Ei stor partikkelsky er på veg frå sola mot jorda. Det kan gi mange ei fantastisk oppleving når mørket senkar seg.

Nordlys i Gloppen

NORDLYS: Slik kan det sjå ut over Gloppen i kveld og natt til laurdag.

Foto: Truls Kleiven

For første gong på lenge ligg absolutt alt til rette for nordlysshow på nattehimmelen.

10. september skjedde det nemleg ein kraftig eksplosjon på sola. Partiklane er venta å nå jorda i løpet av det neste døgnet.

Runar Sandnes

INTERESSE: Sidan han var liten har Runar Sandnes hatt stor interesse for astronomi.

Foto: privat

– Eg skal i alle fall gjere fotoutstyret klart. Ser det lovande ut, så reiser eg på Utvikfjellet for å sjå. Der er nattehimmelen større og ikkje noko kunstig lys som forstyrrar, seier Runar Sandnes.

Kraftig eksplosjon

Eksplosjonen på sola var av klasse X1.6, som er av den kraftigaste typen. Og jorda står i siktelinja for solstormen.

Sandnes, som er busett på Reed i Gloppen, har stor interessefor astronomi. Spesielt for aurora borealis, som nordlyset og blir kalla.

(Artikkelen held fram under NASA sin Youtube-video av eksplosjonen 10. september)

– Eksplosjonar av denne klassa er nokså sterke, og fører ofte til kraftig nordlys lenger sør for der nordlysovalen normalt er aktivt, seier Sandnes og opplyser at det er kring Tromsø sine breiddegrader.

– No er sjansen stor

Statsmeteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet er ein annan som kjem til å kaste blikket på himmelen i kveld.

Nordlys på Utvikfjellet

UTVIKFJELLET: Det er ei slik oppleving Runar Sandnes håpar å sjå på Utvikfjellet i kveld.

Foto: Iver Heen Ask

Då er materialet venta inn i jordas magnetfelt.

– Sist natt var det skyer mange stadar, men no er sjansen stor for å kunne observere nordlyset så langt sør som til Hordaland, seier han og legg til at ein då bør gjere som Sandnes i Gloppen; søkje seg vekk frå kysten, opp i høgda og vekk frå lysforureining.

– Då skal det vere mogleg å sjå nordlyset, sjølv om det blir litt skyer, seier han.

Vekk frå kysten

Det er venta lettare skydekke over midtre og indre strok, medan det ute med kysten vil vere nokså skya over midnatt.

Sjølv om det aller meste ligg til rette for lysshow når mørke legg seg, vil Sandnes likevel vere varsam med å love nordlys.

(Artikkelen held fram under videoen)

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

SJÅ VIDEO: Nordlys over Breim.

– Det er alltid vanskeleg å vite om det blir nordlys eller ikkje, for det er mange faktorar som må stemme for at resultatet skal bli spektakulært. Mellom anna må jorda sitt magnetfelt stå i rett posisjon slik at partiklane når ned til polpunktet, seier han.

– Eit flott syn

Og noko tidspunkt for når ein bør løfte augo, vil verken Sandnes eller Grønneberg spekulere i.

– Storleiken på skya og farten er noko usikkert. Men generelt sett ser ein det så fort det byrjar å bli mørkt, og spesielt frå midnatt og utover. Nå ser ein som regel ein grøn oval som ligg roleg i nord. Så blir det bra aktivt i ti minuttar, og så roar det seg. Det går i bølgjer, seier Sandnes og avsluttar:

– Har du fint vêr, så er mykje gjort. Då er det berre å komme seg ut og oppleve stjernehimmelen. Når det er skikkeleg nordlys, så er det eit flott syn.