Hopp til innhold

I fem år har Stad skipstunnel brukt Hurtigruten i reklame utan å spørje

Stad skipstunnel har brukt Hurtigruten i både reklamefilmar og på bilete i fem år. Men spurt om lov, har dei ikkje. No vil Hurtigruten ha slutt på bruken.

Stad skipstunnel

SLIK: I reklame frå Stad skipstunnel ser ein tydeleg Hurtigruten. Det har Hurtigruten lite sans for.

Foto: Nordwest 3D/Stad skipstunnel

Det er Dag og Tid som først skreiv om saka.

Rådgjevar i Hurtigruten, Stein Lillebo, er klar på at no må noko skje. Fem år er nok.

- Vi har halde oss rolege og nøytrale til prosjektet, men ser no at den omfattande bruken av vår profil stiller oss i ein situasjon der vi vert tekne for å vere ein part i dette prosjektet. Det er vi ikkje, seier Lillebo.

Hurtigruten krev no å bli fjerna frå PR-materialet, som er sendt ut frå lobbyselskapet som jobbar for Stad Skipstunnel.

- Vi har fått fleire henvendelsar i samband med dette frå folk som oppfattar oss som ein part i saka. Etter kvart vart det eit behov for å klargjere at vi er nøytrale når det gjeld Stad skipstunnel, seier Lillebo.

Han understrekar at Hurtigruten ikkje kan forplikte seg til eit slikt stort samferdsleprosjekt som Stad skipstunnel.

Vil ha kontroll over merkevaren

Særleg bruken av hurtigruta «Midnattsol» og nestenhavariet til fartøyet utanfor Stad i 2003, brukt i ein video laga av lobbyorganisasjonen Prosjekt Stad skipstunnel, har fått Hurtigruten til å reagere.

Til Dag og Tid seier kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten at nestenhavariet ikkje hadde noko samanheng med sjø- og vêrforhold, men ein blackout i maskina.

– Vi ønskjer ikkje å bli brukte i kampanjen. Vi ønskjer også å ha kontroll over bruken av Hurtigruten som merkevare, seier Bjørnflaten til Dag og Tid.

Ho legg til at dette handlar om bruk av Hurtigruten som merkenamn og profil.

Ligg framleis på nettet

Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Nordfjord Vekst stadfestar at Hurtigruten har bedd om å bli fjerna frå reklamemateriell.

– Eg lova at vi skulle vurdere det, men det har dessverre ikkje skjedd. Materiellet med video ligg framleis på nettet, men vi har ikkje brukt videoen idet siste, seier Humborstad til Dag og Tid.

Skal sjå på saka i kveld

Prosjektleiar Ottar Nygård i Stad Skipstunnel seier til Sunnmørspoten at dei vil diskutere saka på styremøte i skipstunnelen i kveld.

Lillebo understrekar at det kan bli aktuelt å ta stilling til Stad skipstunnel på eit seinare tidspunkt.

- Det kan bli aktuelt i framtida. Det er nettopp difor vi har halde oss nøytrale. Vi treng å vite meir. Det kan bli bra, eller det kan bli noko vi vel å ikkje nytte oss av, seier Lillebo.