Hopp til innhold

I dag var drilljentene i aksjon under EM

Det var ekstatisk jubel då det vart klart at jentene i Florø drill hadde sikra EM-billetten. I dag fekk dei endeleg representere Norge i eit internasjonale meisterskap.

I AKSJON: Her er Florø drill i gong med framføringa under EM i drill i Italia. (Foto: Camilla Skorge/Video: Norges Musikkorps Forbund)

– Dei var litt prega av nervøsitet, sidan det er første gong dei er med i eit europameisterskap. Men ellers gjekk det veldig bra og jentene er letta over at dei er ferdige, seier styreleiar Camilla Skorge.

Konkurransen går føre seg i den italienske byen Lignano Sabbiadoro, som ligg ein times køyring frå Venezia. Dei 24 jentene i alderen ni til seksten konkurrerte i øvinga paradedrill, som er den varianten vi kjenner frå 17. mai. Kva plassering dei har fått vert klart søndag.

Trenaren håpar på ein 4. eller 5. plass av dei sju laga som er med. Men berre det å delta har vore ei fantastisk oppleving.

– Dei har hatt kjempefine dagar her i Italia. Det var stort å vere på opningsseremonien og å opptre nede på golvet framfor alle tilskodarane. Berre det å berre vere her og få menge seg med masse andre gode troppar har vore heilt fantastisk, seier Skorge.

I sitt andre forsøk gjekk Florø drill heilt til topps i NM. Då dei fekk vite at EM-billetten var sikra braut det ut full jubel.

UHEMMA JUBEL: Slik såg det ut då drilljentene fekk vite at EM-biletten var sikra.