Hopp til innhold

Hagen som opnar eit utal moglegheiter

– Det er ein stor dag for Gloppen og for heile fylket vil eg påstå, jublar kultursjef Jan Kjetil Øygard på dagen som markerer ferdigstilling av heile Trivselshagen.

Kultursjef Jan Kjetil Øygard syner NRK korleis det ser ut i den nye Trivselshagen på Sandane i Gloppen.

BLI MED: Torsdag vart Trivselshagen på Sandane offisielt opna. Her gir kultursjef Jan Kjetil Øygard deg ei omvising gjennom storstova. Foto og redigering: Ole André Rekkedal

For 290 millionar kroner har Sandane fått si eiga kulturelle og idrettslege storstove.

Men kultursjef Jan Kjetil Øygard, som også er styreleiar i Trivselshagen IKS, meiner dette er ein stor dag for heile fylket.

– For dette er eit fylkesanlegg som eg håpar heile fylket forstår dimensjonen på, og at heile fylket vil bruke det, seier Øygard.

Kronglete veg

Ideen har vore der sidan før 2000, men så kom omgrepet Trivselshagen inn før ein i 2005 starta byggjeprosessen saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Men Øygard vegår at vegen fram til dagens opning av tredje byggjesteg, idrettsanlegga, har vore lang og kronglete. Den offisielle opninga av idrettsanlegga er det friidrettspresident Svein Arne Hansen som står for.

– Det har vore diskusjonar om innhald, rekkjefølgje og dimensjonar. Men vi har hatt politikarar som har ville det, og då har ein fått det til som det står no, seier kultursjefen.

– Har de nokon gong frykta at Trivselshagen aldri ville bli realisert?

– Sjølvsagt har det vore mange ulike øvingar og krefter som har gjort at ein av og til lurte på det, seier Øygard og er glad for resultatet som no står ferdig.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bli med på ei omvisning på Trivselshagen på Sandane.

VIDEO: Bli med kultursjef Jan Kjetil Øygard på omvising i den "gamle" delen av Trivselshagen. Foto og redigering: Ole André Rekkedal

Moderne anlegg

Medan dei to første byggjestega, skule og kulturdelen, kosta 120 millionar kroner kvar, har idrettsanlegga som siste del kosta 50 millionar kroner.

– Vi har bygt eit moderne anlegg og lagt moderne kriterium til grunn, og så har ein bygt ut frå idretten i Gloppen og ut frå at idrettslinje på Sandane skal ha gode fasilitetar for å drive undervisning på idrettsfaget. Det opnar tallause moglegheiter, seier kultursjefen.

Innhaldet i idrettsanlegget opnar for ei lang rekkje aktivitetar.

– Eit stort symjeanlegg, eit terapibasseng, spesiallaga turnsal, ein spektakulær klatrehall du ikkje finn andre stadar i fylket, friidrettsbane, kombielastisk golv med aktivitetsflate på 40x60 meter som gjer at du kan ha høgt nivå og mange spennande arrangement og ulike arrangement, fortel Øygard.

Opna Trivselshagen

OPNA: Mange møtte fram for å få med seg opninga av Trivselshagen på Sandane.

Foto: Gro Ravnestad / NRK