Hopp til innhold

I dag forlet han Fjord1-skuta: – Eg finst ikkje bitter

Dagfinn Neteland takkar for seg etter halvanna år som administrerande direktør for Fjord1, dagen etter at selskapet la fram toppresultat.

Dagfinn Neteland ny sjef i Fjord1

TAKK OG FARVEL: Dagfinn Neteland forlèt Fjord1-skuta. Men den avtroppande administrerande direktøren er ikkje bitter over sortien han fekk.

Foto: NRK / pressefoto

– Det er ein vemodig dag. Saman med dei tilsette i Fjord1 har vi hatt eit svært positivt halvanna år. Men eg trur organisasjonen har respekt for at det måtte bli slik, seier Neteland.

Han går av same dag som Fjord1 i ei pressemelding offentleggjorde at André Høyset vert ny konstituert administrerande direktør. Neteland trakk etter at fylkeskommunen vedtok å selje aksjeposten på 51 prosent til konkurrenten Torghatten.

I pressemeldinga skriv Fjord1 at dei startar arbeidet med å få på plass ein fast person i stillinga som administrerande direktør på nyåret.

– Eg finst ikkje bitter

I går kunne Neteland leggje fram resultatet for 3. kvartal i 2015, eit resultat som viste 180 millionar kroner i pluss for Fjord1.

Men Neteland har ikkje angra på avgjersla om å trekke seg.

– Det var ikkje i affekt, men ein naturleg konsekvens av det som har skjedd. Vi er svært ueinige i det fylkeskommunen har gjort, seier Neteland.

Sjølv om han til tider har vore svært kritisk til måten fylkeskommunen handterte salsprosessen, er han fast bestemt på at han ikkje er bitter for det som har skjedd.

– Eg finst ikkje bitter, men eg er skuffa på vegner av selskapet, regionen og for at vi mista den moglegheita vi hadde til å byggje noko sterkt på Vestlandet, seier han.

Trur selskapet vil greie seg

Salskontrakten er signert og avtalen er i boks. Men eit mindretal i fylkestinget har kravd såkalla lovlegkontroll av vedtaket og konkurransetilsynet skal også ha eit ord med i laget. På toppen av det heile har minoritetseigar Per Sævik i Havilafjord varsla at han vil ta kampen om aksjeposten for retten.

Neteland trur difor det kan ta lang tid før Torghatten eventuelt kan ta over selskapet.

– Eg er redd det kan gå både eitt og to år før det kjem ei endeleg løysing, seier han.

No står Neteland utan jobb, men kvar vegen går vidare veit han ikkje enno.

Så langt har eg ikkje tenkt. Eg likar å gå på ski, så eg skal ha ein lang vinterferie. Så er eg relativt optimistisk og trur det skal by seg andre moglegheiter.

Til det nye styret har Neteland følgjande julehelsing.

– Dei må berre stå på og tufte selskapet på dei same verdiane vi har hatt til no. Vi har lagt mange flotte steinar i grunnen, som gjer at selskapet vil klare seg godt.