Hopp til innhold

I år opnar dei døgnope bokutsal for utlendingar

FJÆRLAND (NRK): Det er ikkje berre lamminga som gjer våren til ei hektisk tid i Fjærland. Kassar på kassar med bøker skal sorterast, prisast og plasserast. Og i år opnar bokbyen også døgnope utsal.

Marianne Paulsen

NYTT UTSAL: Stadig fleire utanlandske gjester er ei årsak til at bokbyen i Fjærland satsar litt nytt. – Det blir ei «honesty»-hylle, der også utlendingar får bøker lett tilgjengeleg og kan plukke bøker mot å leggje pengar i ein postkasse, seier dagleg leiar Marianne Paulsen.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Det er mykje som må gjerast før bokbyen startar sin tjuande sesong med bokutsal om to veker.

Nytt av året er døgnope utsal av bøker på framandspråk.

– Vi opnar eit lite utsal vi kallar «Sjøkanten». Vi laga nokre hyller til innspelinga av «Liebe am fjord» og vil gjere stas på desse med å fylle dei med bøker på andre språk. Det blir ei «honesty»-hylle der ein kan kjøpe bøker heile døgnet, fortel dagleg leiar Marianne Supphellen.

Sparar ikkje på bøker

Randi Finne

HEKTISK: Bokbyen i Fjærland har kassar på kassar med nye bøker å gå igjennom før sin 20. sesong. – Det er mykje som må ordnast, stadfestar bokansvarleg Randi Finne.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Utsalet vil nok ikkje utgjere noko stor del av omsetnaden til bokbyen som vart offisielt opna i 1996.

Stadig vekk får dei nye som før kvar opning må sorterast og prisast.

– Vi får inn veldig mykje meir bøker enn før, og dei er i mykje betre stand enn for 10-15 år sidan. Nokre bøker ser mest ut som om dei er nye, som om dei nesten ikkje er lest i. Ein ser kanskje stadig at folk ikkje samlar så mykje på bøker som før, seier Supphellen.

Bokbyen i Fjærland

MANGE BØKER: Bokbyen starta opp i 1995 og vart offisielt opna året etter. I dag har dei kring 150.000 bøker i utsal.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Bygda sitt prosjekt

Nils Paulsen var med å starte opp bokbyprosjektet i 1995. Sidan han vart pensjonist er han ein av mange frivillige som stiller på. I tillegg har bokbyen to faste stillingar, og avheng av sommarvikarar for å halde ope.

Paulsen trur bokbyen er viktig for Fjærland. Og at heile bygda stiller seg bak prosjektet.

– Åja, bevare meg vel. Då den vart stifta og aksjane lagt ut til sals, så kjøpte nesten heile Fjærland sjølv om ein visste at ein ikkje kunne rekne med det store utbytet, seier han.

Moglegheit, ikkje trussel

Bokhandel over internett og E-bøker er siste åra blitt stadig vanlegare, men i bokbyen ser dei ikkje på dette som noko trussel.

Bokbyen i Fjærland

HOVUDKVARTERET: «Odin» er bokbyen sitt raude hovudkvarter. Her står store stablar med usorterte bøker framleis på golvet.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Alt som er nettbasert er konkurranse, men det gir oss samstundes moglegheit til å finne ein annan måte å selje bøker på, seier Supphellen og legg til at type litteratur har endra seg gjennom dei 20 åra bokbyen har eksistert.

– Generelt trenden merkar vi i forma av at det ikkje lenger er dei same bøkene som er populære no som før, seier ho.