Hopp til innhold

I år er det for mykje lammekjøt til påske

FØRDE (NRK): Det er eit enormt overskot av lammekjøt på norske fryselager. No kuttar Nortura i kiloprisen og butikkjedene prøver å pønske ut korleis dei skal få selt meir lammelår til påske.

Slakteri2

PÅSKEMAT: Sau og lam er påskemat, og i år håpar både Nortura og butikkane at dei klarar å bli kvitt ekstra mykje kjøt. Fryselagera er nemleg heilt proppfulle av saue- og lammekjøt etter at stadig fleire bønder satsar på sauehald

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vanlegvis sel vi ti gonger meir lammekjøt i påska enn elles, seier Geir Loftesnes som er ferskvaresjef på Spar i Førde.

Lammelår på Spar

KLAR FOR PÅSKA: Geir Loftesnes på Spar Førde er klar for lammesesongen

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kvar påske strøymer kundar til butikkane for å kjøpe lammelår og anna lammekjøt. Vanlegvis tappar ein fryselagera for kjøt i tida før påske, i år er det derimot så stort overskot av lammekjøt at lagra framleis vert stadig fullare.

Bakgrunnen for den store mengda med lammekjøt er ei kraftig auke i talet på sauebønder her i landet. Dei siste åra har stadig fleire bønder satsa på sauehald, men nordmenn et ikkje noko særleg meir sauekjøt enn før. No har det difor vorte overproduksjon av sauekjøt i Noreg, og Nortura frårår fleire bønder å satse på sau.

Butikkane må selje meir

– Vi er nøydde til å selje meir lammekjøt i år enn det vi vanlegvis gjer til påske.

Det seier Eli Strand, som er kommunikasjonsrådgjevar i Meny. Ho seier at dei har planar om både gode kampanjar, og å gjere lammekjøtet endå meir tilgjengeleg i butikkane.

Kuttar kjøt

MYKJE SAU: På Nortura i Førde merkar dei at det er stort overskot av sau og lam i år

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vil de setje ned prisen for å klare å selje meir kjøt?

Ofte vert lammekjøtet allereie selt med tap til påske, så eg trur ikkje det er nokre av kjedene som ønskjer endå lågare prisar, men vi skal ha gode tilbod og vi skal løfte fram lammekjøtet endå meir, seier Strand.

Nortura kuttar prisen ut til butikkane

Dei siste åra har innkjøpsprisen på lammekjøt stige med eit par kroner i året. I år kan det derimot sjå ut som at prisen butikkane betalar for lammekjøtet går litt ned. Nortura har bestemt seg for å kutte i prisen for å forsøke å få ut meir kjøt enn vanleg.

Nortura i Førde

PRESSAR PÅ: Nortura pressar på for å få ut mest mogleg lammekjøt i påska. Dei har fryselagera over heile landet fulle av lammelår, og er redd for at prisen går ned om dei ikkje får ut nok.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Tanken er å prøve å få ut meir lammekjøt no, slik at vi ikkje treng å kutte endå meir i prisen seinare, seier Finn Avdem som er fagansvarleg for småfe hjå Nortura.

På Nortura i Førde merkar dei godt at det er overskot av sauekjøt.

– Tidlegare har det stort sett vore underskot på saue- og lammekjøt i desse tider, men no merkar vi heilt klart at det er eit stort overskot, seier Eivind Fonn som er fabrikksjef på Nortura i Førde.

– Det er påske berre ein gong i året

Britt

LYT HA LAM TIL PÅSKE: Britt Ytrøy er klar på at ho lyt ha lammekjøt i påska

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Britt Ytrøy er kunde på Spar Førde, og ho kjøper lammelår kvar påske. Ho trur ikkje pris har så mykje å sei for om folk kjøper påskelam eller ikkje.

– Det er jo berre påske ein gong i året, og lammekjøt er jo tradisjon. Eg trur folk har med tradisjonane heimanfrå, eg veit ikkje om butikkane kan gjere så mykje for å få folk til å ete meir lam.