Hopp til innhold

Brann i Fjaler: Held vakt ved brannstaden i kveld

Brannmannskap held i kveld vakt ved fritidsbustaden på Fure i Fjaler, der det byrja å brenne kraftig midt på dagen laurdag.

Brann på Fure

Eigaren av hytta var i eit nabohus då han oppdaga røykutvikling frå kjellaren. Han sprang til, men fekk lite gjort og fekk varsla brannvesenet.

– Vi har lokale brannfolk på Våge som kom raskt til, men dei har ikkje røykdykkarar. Men brannmannskap frå Dale kom fram til staden etter om lag ein halv time, fortel vaktleiar Espen Rysjedal ved alarmsentralen til NRK.

Kjellaren på fritidsbustaden fekk store skader, og mykje varme gjer at mannskap frå brannvesenet vil halde seg på staden utover kvelden.

– Det ligg ei hytte like ved, men dei lokale brannfolka som kom først til staden fekk avverja at brannen spreidde seg, fortel Rysjedal.

Laster Twitter-innhold