Hopp til innhold

Hyller VM-helt

22 år gamle Fredrik Eskil Myrvang frå Naustdal blir motteken som ein helt etter VM-sølvet i benkpress.

Created by InfoDispatcher

Hyller VM-helt

Ein stor delegasjon frå Naustdal, med varaordførar Harald Kvame i spissen, møtte sundag kveld fram på Førde Lutfham Bringeland for å ta i mot sølvgutten.

– Det var fantastisk kjekt å bli teken i mot på ein slike måte. Eg blei både stum og rørt. Eg hadde ikkje forventa noko slikt i det heile tatt, smiler Myrvang.

Fredrik Eskil Myrvang er juniorløfter i klasse -53 kg og var på plattingen måndag som var første stemnedag. 22-åringen har konkurrert siden 2009 både nasjonalt og internasjonalt, men dette var første VM for Fredrik. I Kaunas i Litauen løfta 22-åringen 140 kilo, noko som heldt til sølvmedalje.

– Eg er fornøgd med plasseringa, men eg skulle gjerne fått godkjent dei to siste løfta også.

Myrvang prøvde også 147,5 og 150 kilo, men desse løfta blei underkjente.

– Eg har klart det på trening tidlegare, men no svikta teknikken. Det er jo mitt første VM så det var ikkje sjølvsagt at eg skulle få til noko som helst.

VM-sølv i benkpress

FEIRAR VM-SØLV: Mange hadde møtt fram for å ta i mot VM-helten

Foto: Øystein Ullaland