Hopp til innhold

Hydro må kutte i Årdal

Hydro i Årdal kuttar i produksjonen grunna svikt i etterspurnaden.

Hydro Aluminium i Årdal

KUTTAR: Ustabil marknad gjer at Hydro i Årdal må kutte i produksjonen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fabrikksjef ved Hydro i Årdal Arne Werge-Olsen forsikrar likevel at situasjonen ikkje er dramatisk.

På grunn av nedgang i ordretilgangen gjorde hjørnesteinsverksemda i Årdal tilpassingar både på tampen av 2011 og i januar i år.

– Dette har vi løyst gjennom å ta ut restferie og fleksidagar, slik at det ikkje har vore snakk om permitteringar ved Hydro i Årdal førebels, seier han til Sogn Avis.

– Ser «greitt» ut

Også verket i Sunndal må kutte i produksjonen som følgje av sviktande etterspurnad.

Til avisa strekar Werge-Olsen under at 2011 vart eit godt år for verket i Årdal. Han meiner at første kvartal 2012 også ser greitt ut når det gjeld produksjon av valseblokker.

– Det er heilt klart ikkje ønskjeleg å ta ned produksjonen, problemet er at marknaden er ustabil, seier han til avisa.